Rådgivar/seniorrådgivar - rovvilt
Miljødirektoratet
- Frist 20.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi styrker kapasiteten vår på arbeidet med rovvilt. Er du vår nye kollega?
Om stillinga
Vi søkjer to dyktige og samarbeidsorienterte biologar i arbeidet med å vareta Miljødirektoratet sine oppgåver innanfor fagområdet rovvilt, som i denne samanhengen omfattar bjørn, ulv, jerv, gaupe og kongeørn. Arbeidet omfattar saksbehandling etter viltlova- og naturmangfaldlova og reglar til disse. Saksfeltet er spennande og har eit sterkt, fagleg fokus og stor allmenn interesse. Erfaring og kompetanse med forvaltningspraksis på rovviltområdet er difor ønskeleg.
Stillinga ligg i viltseksjonen som er ein av seks seksjonar i Land- og friluftslivsavdelinga. Viltseksjonen arbeidar med forvaltningssaker knytt til naturmangfaldlova og viltlova. Arbeidsfeltet til seksjonen er allsidig og utfordrande, og inneber mykje kontakt med eksterne aktørar og formidlingsarbeid.
Seksjonen har 12 medarbeidarar og arbeidsstaden er på Brattøra i Trondheim.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- saksbehandling etter viltlova- og naturmangfaldlova, hovudsakeleg på rovviltfeltet
- bidra til å utvikle digitale verktøy i seksjonen
- andre oppgåver som ligg til seksjonen etter når det er behov
- rådgjeving og fagleg støtte til Klima- og miljødepartementet (KLD)
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- utdanning på mastergradsnivå innan biologi. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for kravet om mastergrad.
- god kunnskap om rovvilt, og gjerne erfaring frå arbeid med rovvilt og kjennskap til forvaltningspraksis på området
- erfaring frå arbeid i kryssingsfeltet rovvilt, tamreindrift/husdyrdrift vil vektast positivt
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- kompetanse på samisk kultur og språk blir vektlagt positivt
- erfaring med digitalisering av tekniske løysingar er ein fordel
Eigenskapar
- Du har god samfunns- og forvaltningsforståing og vil trivast i rolla som myndigheitsutøvar.
- Du har gode samarbeidseigenskapar og formidlingsevner.
- Du er resultatorientert og leverer rett kvalitet til rett tid.
- Du er analytisk og utviklingsorientert.
- Du toler å arbeide på eit delvis konfliktfylt fagområde.
Vi tilbyr
- fast stilling med lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr 548 600 (ltr 56) - kr 821 100 (ltr 78) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode høve for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Erik Lund, tlf. 920 89 834 eller e-post erik.lund@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 63-2024 LVI når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog
Nøkkelord
viltforvaltning, rovvilt, naturmangfold, biologi
- FINN-kode 364858257
- Sist endret