16 999 kr
![Som ny: Carrera One-D Disc Shimano Ultegra XS/S (48/49)](https://images.finncdn.no/dynamic/480x480c//2024/5/vertical-0/26/5/354/284/195_f27f8980-4ab6-44ce-b9a6-8368a1788a6c.jpg)
Sykkeltype: Landevei
Tilstand: Pent brukt – I god stand
Herleg TT sykkel brukt til nokre tritalon, no sist Norseman 2024. Sykla meg opp 70 plassar blant langt nyare og langt dyrare syklar, så du kan ikkje skulde på sykkelen med denne.
Ein veldig god sykkel til ein fin pris for nokon som vil teste å sykle tempo eller ha ein kanon sykkel til triatlon. For min del blir det fokus på springing, landevegssykkel og fulldempa i skogen framover:)
Fuji D6 1.0 frå 2013 (toppmodell) størrelse 52 cm (m/s)
For setehøgd føl det med 2 setepinnar. Pinne 1 (krank-sete) 66,5 - 71 cm. Pinne 2 (krank-sete) 71,5 - 76 cm. Eg er 178 og kan bruke begge avhengig av kor aggressivt eg vil sitte.
Shimano DuraAce Di2 (elektrisk, heilt supert!)
Hjul: Oval Hjulsett 9105 + med nesten heilt nytt GP 4000 25mm dekk framme og heilt nytt GP 5000 25mm dekk bak (200km).
Sete: Sella Italia
Styre/bøyle: PrrofilDesign
Krank er ein svart Rotor krank 53/39 (ikkje den som er avbilda på sykkelen, som er ein semi-kompakt ultegra for litt lettare motbakkar). Sjå eige (eldre) bilde for kranken som føl med.
Føl med ymse som batteriladar, bremseklossar, verktøy til å stramme eikar i hjula, flaske med stativ til å sette mellom tempobøylene, ekstraledningar til gir og div til å kunne stille styret slik ein ønskjer det.
Ta kontakt ved interesse. Sender som utgangspunkt ikkje. Kan hentast i Førde/Sogndal eller i nærleiken. Pruting er lite interessant, til det er bruksverdien for høg.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger
InnloggingSist endret: 9.8.2024, 12:57 ・ FINN-kode: 364903399
Betalt plassering