Driftsleiar
Firda Billag Buss AS
- Frist 1.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle eit berekraftig og verdiskapande kollektivsystem?
Om stillinga
Firda Billag Buss AS går inn i ei spanande tid med endring av teknologi, vi treng fleire medarbeidarar for å stå betre rusta til framtida.
Ansvarsområde
Som driftsleiar vil du ha det overordna ansvaret for trafikkavvikling i Sunnfjord. Du vil vere ansvarleg for tilrettelegging, leiing og oppfølging av bussmateriell og rutedrift. Personalansvar for turkøyring og trafikkleiing i avdelinga. Du vil vere ein nøkkelperson i implementering av vårt nye driftssystem og kunne leie andre type prosjekt. Du vil få ei viktig rolle i nye anbod.
Arbeidsoppgaver
- Leie og tilrettelegge for effektiv drift av bussmateriell og ruteplanlegging
- Implementere og følge oppmåltal for sitt ansvarsområde
- Personal og HMS-ansvar
- Drift og kvalitetsoppfølging
- Sentral rolle i prosjektarbeid og delta i anbodsprosessar for å vinne nye kontrakter for selskapet
- Nøkkelressurs i selskapet sine prosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og leiarerfaring er ynskjeleg
- IT-kompetanse
- Erfaring frå drift og logistrikk er ein fordel, men ikkje eit krav
Vi søkjer etter deg som har følgande eigenskapar
- Likar å jobbe med mennesker og skape eit godt arbeidsmiljø
- God på mellommennesklege relasjonar og relasjonsbygging
- Gode kommunikasjonsevner
- Du kan jobbe sjølvstendig, har stor arbeidskapasitet og er ansvarsbevisst
- Du leiar dine medarbeidarar med fokus på kvalitet og Firda Billag Buss sine verdiar
- Du er serviceinnstilt og har evne til å lytte og handle
- Du er nytenkande og har fokus på kontinuerleg forbetring
Vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn. Som IA-bedrift vil vi legge arbeidsforholda til rette.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår og gode forsikring- og pensjonsordningar
- Ein trygg og sikker arbeidsplass
- Varierte arbeidsoppgåver i eit hektisk og godt arbeidsmiljø, med medarbeidarar som brenn for selskapet og jobben sin
- Mogelegheit for kurs og kompetanseheving
- Bedriftshelseteneste
Spørsmål om stillinga
Vi ser fram til å høyre frå nettopp deg!
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med vår daglege leiar, Lars Andreas Kårstad, tlf.+47 95 98 81 94
Om arbeidsgiveren
Avdeling Førde består av ei turbussavdeling, to trafikkleiarar og ei planavdeling. Vi har 117 dyktige sjåførar som køyrer lokalruter i områda Askvoll, Fjaler, Kinn (Florø), Sunnfjord, Hyllestad, Gulen, Solund og Sogndal (Balestrand). I tillegg har avdelinga ca 50 tilkalling- og drosjesjåførar.
- Sektor: Privat
- Lederkategori: Leder
- Sted: Storehagen 4, 6800 Førde
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Ledelse, Prosjektledelse
- FINN-kode 364917778
- Sist endret