Vi har ledig fast stilling i eigaravdelinga
Helse- og omsorgsdepartementet
- Frist 25.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar/fagdirektør i seksjon for organisasjon og styring
Vi har ledig fast stilling i eigaravdelinga
Om Eigaravdelinga
Hovudoppgåva til eigaravdelinga er eigarstyringa av dei regionale helseføretaka. Avdelinga arbeider med å peike ut og følgje opp styra for føretaka. Avdelinga har også ansvaret for å førebu føretaksmøte og å følgje opp krav som vert stilte på økonomi- og organiseringsområdet.
Eigaravdelinga består av 15 medarbeidarar fordelte på to seksjona som samarbeider mykje med kvarandre. Dei to seksjonane er seksjon for økonomisk styring og seksjon for organisasjon og styring. Det er ein stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar eller fagdirektør i seksjon for organisasjon og styring.
Helse- og omsorgsdepartementet skal samle ansvaret for eigar- og myndighetsstyring av spesialisthelsetenesta i ei ny avdeling. Eigaravdelinga og spesialisthelsetenesteavdelinga skal av den grunnen slåast saman. Arbeidsoppgåvene til stillinga vil bestå også i ny avdeling.
Om seksjonen
Seksjon for organisasjon og styring bistår politisk leiing med å peike ut og følgje opp styra for dei regionale helseføretaka. Seksjonen har vidare ansvar for departementets sakshandsaming knytta til mellom anna spesialisthelsetenesta sitt arbeid med personell og HR, innkjøp, samfunnsansvar, beredskap, ny løysing for naudkommunikasjon og bruk av IKT i tenesta.
Arbeidsoppgåver
Den nye kollegaen vår skal arbeide med
- oppgåver knytta til oppfølging og styring av dei regionale helseføretaka på IKT-området
- ulike problemstillingar knytta til IKT i spesialisthelsetenesta
- det tverrdepartementale arbeidet knytta til utvikling av ny løysing for naud- og beredskapskommunikasjon.
- problemstillingar knytta til beredskap
Du vil også bidra inn i dei andre oppgåvene som høyrer til avdelinga sitt arbeidsfelt
Kvalifikasjonar og personlege egenskapar
Du må ha
- utdanning på masternivå innan teknologi/økonomi/samfunnsfag/helsefag
- god kunnskap om og erfaring frå arbeid med innføring av teknologiske løysingar i offentleg sektor
- erfaring frå offentleg forvaltning
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi krev som hovudregel minimum 3 års relevant erfaring for stilling som rådgjevar, 6 år for stilling som seniorrådgjevar og 10 år for stilling som fagdirektør.
Det er ein fordel om du har erfaring frå helseføretak/regionalt helseføretak.
Den nye kollegaen vår
- tek initiativ og er sjølvstendig
- er strukturert og har god gjennomføringsevne
- arbeider effektivt under stramme tidsfristar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har god samfunnsforståing og evne til å forstå politiske prosessar
Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna.
Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert Hemmeleg eller høgare etter sikkerheitslova.
Vi tilbyr
- fast stilling
- stillingsbrøk: 100%
- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
- moglegheit for trening i arbeidstida
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
kr 630 000 - 950 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Bakgrunnssjekk
HOD samarbeider med Semac for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Om arbeidsgiveren
Les meir om oss på regjeringa.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Teatergata 9, 0180 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Samfunnsviter, Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi
- FINN-kode 365033148
- Sist endret