![Alver kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/8/vertical-0/12/7/365/423/177_0743a9b2-c76e-4e18-9ce7-a2cad6a61a5c.png)
Leiar - NAV Alver og region Nordhordland
Alver kommune
- Frist 29.8.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du pågangsmot, engasjement og ynskjer meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver?
Om stillinga
Vi søkjer etter ein tydeleg og engasjert leiar som brenn for NAV sitt samfunnsoppdrag og som ynskjer å utvikle gode tenester i kommunen og i regionen. Har du pågangsmot, engasjement og ønskjer meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver er dette stillinga for deg!
Som leiar for NAV Alver er du med på å forme velferdstenestene i Nordhordland, i tett samarbeid mellom kommunane, innbyggjarane og lokalt næringsliv. NAV-kontora leverer både kommunale og statlege arbeids- og velferdstenester. Samarbeidet mellom stat og kommune er avgjerande for å sikre eit samordna og godt tilgjengeleg tenestetilbod, sørge for påliteleg forvaltning og gje fleire mogelegheit til å kome i arbeid.
NAV Alver er regionkontor for Nordhordland, og stillinga inneber ansvar som regionleiar for dei fire NAV-kontora; Alver, Fensfjorden, Osterøy og Solund. Som leiar vert du kommunalt tilsett som tenesteleiar med kontorstad i Knarvik. Stillinga er organisert under sektor helse og omsorg i Alver kommune og er ein del av leiargruppa til kommunalsjefen med direkte rapportering til kommunalsjef.Du rapporterar og til fylkesdirektør i NAV Vestland og blir ein del av fylkesdirektøren si utvida leiargruppe.
Ansvarsområdet kan bli endra som følgje av eventuelle endringar i oppgåveløysing i kommune og/eller regionen i kommande år.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle strategiar som gjev gode løysingar på samfunnsoppdraget for innbyggjarar og verksemder i Alver og Nordhordland
- Sikre god samhandling i kontoret, i leiargruppa, i regionen og med eksterne samarbeidspartar
- Bygge NAV sitt omdømme og vere ein aktiv samfunnsaktør som medverkar til utvikling lokalt
- Sikre god resultat- og måloppnåing i dei statlege og kommunale tenestene
- Legge til rette for prosessar med god medverknad og medbestemming
- Utvikle gode relasjonar og samarbeid med næringsliv og samarbeidspartnarar
- Sikre god og proaktiv kommunikasjon- og mediehåndtering
- Sikre kunnskapsdeling og kompetanseutvikling i kontoret og i regionen
- Overordna ansvar for HMS og eit forsvarleg arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav
- Fullført relevant utdanning tilsvarande minimum bachelornivå
- Relevant leiarerfaring med erfaring frå personalleiing
- Erfaring frå samarbeid med fagorganisasjonar
- Erfaring frå HMS-arbeid
- Erfaring frå strategisk planarbeid, budsjettarbeid og økonomistyring
- God kjennskap til næringslivet i regionen
- God kunnskap om bruk av digitale verktøy
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kjennskap til arbeids- og velferdspolitikk og statleg/kommunalt tenestetilbod er ein fordel
- Tilleggsutdanning innan leiing er eit føremon
Vi søkjer deg som
- praktiserer leiarrolla på ein måte som skapar tillit, engasjement og motivasjon internt blant medarbeidarar og tillitsvalde, og eksternt overfor samarbeidspartnarar
- er engasjert i utvikling av gode tenester til innbyggjarar og arbeidsliv
- har gode samarbeidsevner
- er resultatorientert, løysingsdyktig og har god gjennomføringskraft
- evner å leie i omstilling
- er fleksibel og open for endringar og nye initiativ for å skape betre løysingar
Vi tilbyr
- Spannande og meiningsfylte oppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Eit engasjert, aktivt og kompetent arbeidsfellesskap
- God pensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
ledelse, NAV, offentlig, personalutvikling, relasjonsledelse
(1/3)
- FINN-kode 365423177
- Sist endret
Lignende annonser
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/07/3/364/542/713_c38b2439-e420-4d41-bd7c-ef7765dac689.jpg)
![Uloba - Independent Living Norge SA logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/13/5/365/576/865_436c7035-964a-4d11-8b3d-1d37dab4e5d4.jpg)
![SPAR Isdalstø logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/121772576/iad_794313600041571662spar_logo_jpg_4580a.png)
![HAALAND EURO SKO KNARVIK AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/06/3/364/432/273_dde2298d-9218-4669-b2b8-807f17c1b714.jpg)
![Nille AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/object/372818813/iad_546606385036179131nille.png)