![Språkrådet logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/7/vertical-0/29/9/363/141/859_a3c77524-24e8-46c6-9cfd-2252aeb6ee93.jpg)
Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med hovudansvar for å styrke norskopplæringa
Språkrådet
Språkrådet
Språkrådet har ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar med ansvar for språk i kultursektoren og mediesektoren.
Den som vert tilsett skal bidra til å fremje statusen til og bruken av norsk språk i kultursektoren og i mediesektoren.
Dei viktigaste oppgåvene i stillinga er
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga.
Du må ha
Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.
Vi er på jakt etter deg som
Stillinga blir lønna som rådgjevar i stillingskode 1434, kr 548 600–635 400 (lønnstrinn 56–65), eller seniorrådgjevar i stillingskode 1364, kr 604 900–692 400 (lønnstrinn 62–70), alt etter kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Difor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling). Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidstid.
Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentlege sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
For å sikre ei grundig og rettferdig vurdering av kandidatane bruker vi den arbeidspsykologiske testen People Test Person (PTP) i rekrutteringsprosessen. Testen vil bli gjennomført av ein ekstern samarbeidspartnar og vil berre bli brukt på kandidatar som går vidare frå førstegongsintervjuet.
Nærmare opplysningar om stillinga får du av avdelingsdirektør Lars Ivar Nordal på telefon 96 62 36 29.
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Språkrådet arbeider med å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i Noreg og har ansvar for å følgje opp språka norsk (nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, kvensk, romanes og romani
Offentlig forvaltning, Kultur, Media, Språk, Nynorsk
Språkrådet
Davvi Álbmogiid Guovddá? Os Senter for Nordlige Folk AS.