Vil du vere med å skape framtidas kommune i Sogndal?
Sogndal kommune Sogndal kommune
Sogn og Fjordane jordskifterett
Ved Sogn og Fjordane jordskifterett er det ledig 100 % stilling som jordskiftedommarfullmektig frå 1. januar 2025.
Dersom det faglege engasjementet ditt spenner over både juss og jordskiftefag, kan denne stillinga vere interessant for deg.
Stillinga som jordskiftedommarfullmektig er tidsavgrensa for tre år, med høve for forlenging i eitt år. Stillinga er ei opplæringsstilling, og skal gje deg relevant kompetanse og eit godt grunnlag for å søkje stilling som jordskiftedommar seinare. Det vert utarbeidd opplæringsplan, og det er eit mål at du som jordskiftedommarfullmektig raskt kan få alminneleg fullmakt til å styre jordskiftesaker som jordskiftedommar. Du vil òg kunne få erfaring i rettsmekling.
Sogn og Fjordane jordskifterett har tre rettsstader, Sogndal, Førde og Nordfjordeid. Domstolen har i arbeid totalt fem saksbehandlarar, sju ingeniørar, og sju dommarar, inkludert domstolsleiar. Dei ulike stillingsgruppene arbeider saman i ulike team for kvar sak. Vi samarbeider mykje og godt mellom rettsstadene, og du vil få høve til å arbeide tett med alle kollegaene.
Den som blir tilsett vil arbeide med saker i heile Sogn og Fjordane rettskrins, men har fast kontorplass i Sogndal.
Sogn og Fjordane jordskifterett behandlar saker i desse kommunane: Årdal, Lærdal, Vik, Luster, Sogndal, Høyanger, Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen.
Stillinga fører med seg reiseaktivitet, og domstolen har eigne tenestebilar. Det er difor eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle blir gjeve etter reiseregulativet til staten.
Stillinga skal først og fremst bidra til å gje deg kompetanse for å kunne utøve dommarrolla, men du vil òg få ei innføring i teknisk arbeid.
Du blir del av eit nettverk av jordskiftedommarfullmektigar fordelte over heile landet.
I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruke pensko, støvlar, ein nystroken bluse/skjorte og allversjakka på éin og same dag.
Delar av arbeidet føregår på kontoret og andre delar i storslåtte naturomgjevnader. Her er det svært gode moglegheiter til utøving av friluftsliv på fritida, både sommar og vinter.
Du må ha jordskiftefagleg utdanning på masternivå, som tilfredsstiller fastsette kompetansekrav som jordskiftedommar (https://www.domstol.no/contentassets/dbd526c17d0c4aa88bc540ed63fb85a7/retningslinjer.pdf).
Juridisk og jordskiftefagleg engasjement og ekspertise, gode samarbeidsevner, inngåande menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med er sjølvprosederande, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.
Evner i bruk av digitale verktøy blir vektlagde. Vi arbeider kontinuerleg med betring av dei digitale løysingane og rutinane til domstolen. Du vil få moglegheit til å vere bidragsytar i dette arbeidet.
Synfaringar ute og i marka er ein del av arbeidskvardagen. Du må difor ha normalt god fysisk helse. Stilling som jordskiftedommarfullmektig føreset at du er norsk statsborgar. For alle jordskiftedommarfullmektigar blir det henta inn politiattest.
Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss, og til å krysse av i søknadsportalen om du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Les meir om høvet for positiv særbehandling på www.dfo.no (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi gjer merksame på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Sjå derfor til at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er skildra i annonsen. Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handsama i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no (https://www.domstol.no/no/personvernpolicy/). Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi lagar offentleg søkjarliste, og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for høvet til å bli unntatt frå denne.
Sogndal kommune Sogndal kommune