Controller
Helse Vest RHF
- Frist 30.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Controller
Er du god på økonomistyring og brenner for å gjere helsetenestene betre?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!
Helse Vest RHF søkjer ny controller i fast stilling. Vi er på jakt etter deg som er sterk i økonomifaget, har gode analytiske evner og samtidig liker å arbeide tverrfagleg.
I økonomi- og finansavdelinga i Helse Vest RHF får du utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor samfunnsnyttig verdi. Her kan du sjølv påverke innhaldet i stillinga. Du får sjølvstendige oppgåver, blir ein del av eit dedikert fagmiljø og får arbeide saman med dyktige kollegaer.
Avdelinga er organisert i fire team - økonomi, inntekt, rekneskap og eit team som er ansvarleg for system, innkjøp og logistikk. Vi søkjer ein ny kollega til økonomi teamet.
Vi er stolte av å vere i front når det gjeld teknologiske løysingar for analyse og styringsinformasjon, og bruker verktøy som SAP S4 HANA, Power BI og Microsoft 365.
Det beste av alt er at du vil få ein meiningsfull jobb med ei brei kontaktflate lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi deler kunnskap og samarbeider tverrfagleg med sjukehusa på Vestlandet, andre helseregionar, departement og fleire andre. Hos Helse Vest RHF forvaltar vi omlag 36 milliardar kroner som blir fordelt til helsetenestene vi har ansvaret for.
Du må rekne med å reise noko i samband med jobben.
Vil du vite meir om Helse Vest RHF?
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsoppgåver er:
- rapportering og analyse
- budsjettarbeid
- utarbeide styresaker og saksunderlag
- utvikling og forbetringsarbeid, spesielt knytt til verksemdsstyring
- økonomifagleg rådgiving
Kvalifikasjonar
Bli med på laget vårt om du har noko (eller alt!) av dette på CV-en:
- økonomisk utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis mastergrad
- erfaring frå økonomistyring av store verksemder
- erfaring med bruk av rapporteringsverktøy og interesse for vidareutvikling av ERP/BI-løysingar
- fordel med kjennskap til systemløysinga SAP
- god formuleringsevne på norsk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide systematisk og planmessig
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- gjennomføringskraft og evne til å skape resultat
Vi tilbyr
- trygg og god jobb med fleksibel arbeidstid
- god forsikringsordning
- god pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
- løn etter avtale
- gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, "HjemJobbHjem" og låst sykkelgarasje
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36,5 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2024.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Analyse, Controller, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomistyring, rådgivning, budsjettering, analyse, rapportering
- FINN-kode 365746269
- Sist endret