
Rekneskapsførar (Landbruk)
SpareBank1 SR-Bank ForretningsPartner
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Ønsker du å bli bonden sin rekneskapsførar/rådgivar?
Ønsker du å bli bonden sin rekneskapsførar/rådgivar? Bonden sin kvardag er hardt arbeid. Frå tidleg morgon til seine kveldar. Bonden arbeidar hardt for at me skal ha mat på bordet og det siste dei bør vere bekymra for, er at alt er i orden med økonomien.
Du tek deg av rekneskapen til bonden. Så kan bonden vere bonde.
Som rekneskapsførar hos oss, sørger du for at bonden lykkast.
Me er meir enn ein arbeidsplass, hos oss vil du bli ein del av eit engasjerande og positivt arbeidsmiljø. Me er fleksible på kva arbeidstad som passar deg best. Du står derfor fritt til å velge om du vil være lokalisert på kontoret vårt i Skjold eller i Ølen.
Våre tilsette er den viktigaste faktoren for at me og kundane våre skal lykkast. Derfor tek me ekstra godt vare på folka våre. Hos oss blir du ein del av eit solid kompetansemiljø innan landbruk. Me er opptatt av og oppmuntrar til fagleg og personleg utvikling.
Som ein del av Sparebank 1 SR-Bank konsernet vil du som tilsett hos oss få gode vilkår, som også inkluderar avtalar på både lån og forsikring.
Meir enn ein rekneskapsførar, hos oss får du tillit og styre din eigen arbeidsdag.
Dine arbeidsoppgåver vil vere rekneskapsføring, økonomisk rådgivning, rapportering og kundeoppfølging. Du vil veilede og formidle gode løysingar til landbrukskundane våre. Det er derfor viktig at du har ei ekte interesse for landbruk, landbruksøkonomi og ser muligheter i nye digitale IT-system.
Så, kven ser me etter? Og kan me samman skape eit næringsliv der bonden lykkast?
Me ser etter deg som er rekneskapsførar og har god forståelse og interesse for landbruk. Det er ikkje avgjerande for oss at du er autorisert, har erfaring med regnskap eller landbruksøkonomi, men det er ein fordel om du har utdanning innen økonomi eller landbruk.
Er du bonden sin rekneskapsførar? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Me behandlar søknadar fortløpande, så kvifor vente med å søke? Send oss ein søknad i dag!
Spørsmål rundt stillinga kan rettast til:
Paul Rune Velde
Leiar Skjold landbruk
paul.velde@sr-bank-fp.no
909 99 489
Om arbeidsgiveren
SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner AS er en ledende regnskaps- og rådgivningsaktør i Sør-Norge. Våre dyktige medarbeidere er fordelt på kontorer i Vestland, Rogaland, Agder og Oslo.
Vi bistår bedrifter og landbruksnæring innenfor regnskap, lønn, HR, rådgivning- og CFO-tjenester. Bærekraft er en viktig del av vår hverdag, vi har også en egen avdeling som jobber med bærekraftsrådgivning. Som en del av SpareBank 1 SR-Bank deler vi av overskuddet vårt til samfunnet. ForretningsPartner utgjør en viktig del av SpareBank 1 SR-Bank-konsernets tjenestetilbud mot bedriftskunder.
Vi jobber aktivt for å være kundens førstevalg og skal bidra til at bedrifter lykkes.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Haukelivegen 367, 5574 Skjold
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Regnskapsfører, Landbruk, Regnskapskontor, Landbruksregnskap, Regnskap
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 365791705
- Sist endret