Fagarbeidar - 43 % nattstilling
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne
- Frist 31.08.2024
- Ansettelsesform Fast
Deltidsstilling på natt i nytt bufellesskap
Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune og vi søkjer fagarbeidar til deltidsstilling på natt.
- omlag 43 % natt
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år.Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester og 2 dagsenter.
Søfteland bufellesskap ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland ca 10 min frå Os sentrum, og skal gje tenester til 6 unge tenestemottakarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant fagutdanning vil og bli vurderte. Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med nedsatt funksjonsevne og autisnespekteret, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt vekt på kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, bruker-medverking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
natt, fagarbeidar, deltid, turnus
- FINN-kode 365986248
- Sist endret
Lignende annonser
![Os Elektro logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/15/2/365/916/462_d6de4c17-4093-4c3c-b6a8-a07874f79e32.png)
Sjukepleiar i Heimetenesta
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Miljørettleiar ved Borgafjellet barneskule
Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule
Legevaktlege kombinert med fastlege i nordsjøturnus
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
![Bergen kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1864419277/iad_838681504734239904bergenkomm.png)
![VPK Packaging AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/08/1/364/772/211_aa6b50cc-6218-44c6-b552-74acd1d4f984.jpg)
![Norsea Polarbase AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/8/vertical-0/13/9/365/607/049_a36171ac-4789-41e6-88d8-32f8b29055da.jpg)