Kjøkkenassistent
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Kjøkkenassistent - 74,18 % fast stilling
Arbeidsområde
Som assistent ved UWC RCN sitt kjøkken vil du hovudsakleg arbeide med å førebu måltid (pålegg, frukt, salat m.m.), samt vaske og rydde i samband med dei tre daglege og faste måltida. Vi har eigne kokkar som lagar dei varme måltida.
Teamleiar og Operational Service Manager (OSM) er dine næraste leiarar.
Du vil inngå i ein turnusplan som inneber arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
Arbeidsoppgåver
- Utføre daglege oppgåver knytt mot servering av frukost, lunsj og middag
- Ta i mot mat- og daglegvarer
- Oppvask, og vask av bord og golvareal i kantina
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med erfaring innan kjøkken-/kantinedrift eller matservering, men dette er ikkje eit krav
- Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
- Norsk er arbeidsspråk i kvardagen, men sidan vi er ein internasjonal skule må ein også kunne kommunisere på engelsk
Personlege eigenskapar
- Interesse for mat
- Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
- Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
- Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
Dersom dette er arbeidsoppgåver og ei stilling som kan passe for deg, ber vi om at du sender ein enkel søknad og CV til appointments@uwcrcn.no.
Søknadsfrist er 02.09.2024, med tilsetjing snarast.
For spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med OSM (Operational Service Manager) Ainor Naustdal på tlf. 917 09 715, eller ainor.naustdal@uwcrcn.no
Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
Om arbeidsgiveren
UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995 og er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa, og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har omlag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.
- Sektor: Privat
- Sted: Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kantine, servitør, kjøkken
- FINN-kode 366768778
- Sist endret