Fysioterapeut
ALVER KOMMUNE
- Frist 10.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du fysioterapeut og trivst med variert arbeid med vaksne og eldre?
Om stillinga
Det er ledig 100% fast stilling som fysioterapeut i Alver kommune. Dette er ei stilling med ansvarsområde vaksne/eldre.
Denne stillinga er knytt til distrikt Knarvik/Frekhaug, men oppmøtestad kan verte endra etter vurdert behov for ressursfordeling mellom distriktskontor i avdelinga.
Fysio-ergoterapitenesta og hjelpemiddellageret ligg organisatorisk under Lege- og rehabiliteringstenesta i Alver kommune. Avdelinga har fysioterapeutar, ergoterapeutar og 3 hjelpemiddelteknikkara tilsett. Dei kommunalt tilsette terapeutane er fordelt på distriktskontora Frekhaug, Knarvik og Manger. Hjelpemiddellageret er lokalisert på Mjåtveit på Frekhaug. Fysioterapeutar med avtaleheimel gjev tenester på 8 insitutt spreidd i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Fysioterapibehandling (individuelt og i gruppe, til heimebuande og på institusjon)
- Hjelpemiddelformidling (kartlegging, søkjing, opplæring og rettleiing)
- Rådgjevning og retteiing til pårørande og samarbeidande helsepersonell
- Drifting av Kvardagsrehabiliteringstilbod i kommunen
- Kontaktperson mot heimetenesta
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert fysioterapeut
- Gode nordskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førerkort klasse B.
- Relevant erfaring og/eller vidareutdanning innafor rehabilitering, kvardagsrehabilitering, gruppetrening og hjelpemiddelformidling.
Kven er du?
Du er ein fysioterapeut med gode samarbeidsevner som arbeidar målretta og systematisk. Du er fleksibel og løysingsorientert i arbeidet ditt, og har god arbeidskapasitet. Du har gode evner til å organisere eigen arbeidskvardag, og er sjølvstendig. Du utfører arbeidsoppgåver i tråd med kunnskapsbasert praksis, og har evne til å evaluere og forbetre tiltak både på individ- og systemnivå. Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt kollegialt miljø.
- Fagleg utvikling og moglegheit til å vidareutvikle tenestetilbodet i Alver kommune.
- Tilsetjing i hht. gjeldande lov- og avtaleverk.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Fysioterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
behandling, gruppetrening, rehabilitering, hjelpemiddel, samarbeid
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366802813
- Sist endret