Rådgjevar/Seniorrådgjevar – privatarkiv
Vestland fylkeskommune
- Frist 18.09.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar/ Seniorrådgjevar – privatarkiv
Vestland fylkeskommune har frå 01.12.2024 ledig 2-årig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar med ansvar for privatarkiv.
Fylkeskommunen bevarer og formidlar privatarkiv frå Vestland, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. I vikariatet vil utviklingsoppgåvene på privatarkivfeltet vere sentrale. Den som vert tilsett skal ferdigstille Temaplan for bevaring av privatarkiv i Vestland, som vi har mål om å legge fram til politisk handsaming juni 2025, samt ha oppgåver knytt til lansering og oppfølging av planen.
Oppgåver som ligg til stillinga
- Fullføre arbeidet med å utarbeide temaplan for bevaring av privatarkiv i Vestland; lansering og oppfølging av planen
- Leie og vidareutvikle det regionale privatarkivnettverket som ein arena for koordinering, samarbeid og fagleg utvikling av privatarkivarbeidet i Vestland
- Arkivfagleg rådgiving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland
- Politisk saksførebuing
- Utarbeide plan for innhenting og flytting av privatarkiv som per i dag er oppbevart i våre lokale i Bergen eller lokalt hjå arkiveigarar til vårt nye magasinlokale som står klart hausten 2025
- Initiere og følgje opp samarbeid med frivillig sektor, så vel som anna offentleg – privat samarbeid kring bevaring av privatarkiv
- Synfaring, innhenting og registrering av privatarkiv i fagsystem
- Delta i formidlings-, utviklings- og bevaringsprosjekt i fylkeskommunen
- Publikumsførespurnader
Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga.
Du må ha
- Høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå innan relevante fag
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk og bokmål
- Gode analytiske og strategiske evner
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Førarkort klasse B
Vi vektlegg
- Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren
- Erfaring med plan- og utviklingsarbeid
- Erfaring med prosjektleiing
- Evne til å rettleie og skape engasjement hjå andre
- Kjennskap til programvara Asta
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Arbeidsstad Leikanger
På heimesida vår, https://www.vestlandfylke.no/kultur/arkiv-og-dokumentasjon/ finn du meir informasjon om oss.
Nærare opplysningar om stillinga får du hjå leiar Elin Storøstevik, mobil 976 53 607
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Arkiv og bibliotek
- Stillingsfunksjon: Analyse, Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arkiv, Utgreing, Formidling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366811468
- Sist endret