Jordmor. 100% faste stillingar
Helse Bergen
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Jordmor. 100% faste stillingar
Litt om Fødeavdelinga:
Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Kvinneklinikken er inne i ei svært spennande tid etter innflytting i Glasblokkene, med mellom anna stort fokus på organisasjonsutvikling og samarbeid med BUK.
Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.
Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.
Stillinga er knytta til Fødeavdelinga, med ein fastsatt 3 delt turnus. 70% av vaktene vil vere knytta til ein og same seksjon, medan 30% av vaktene vil vere merka som "fellesvakter". Desse vaktene blir nytta på fleire seksjonar på Fødeavdelinga etter kva behov som oppstår.
Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.
Vi søker både jordmødre som kan starte frå snarast og dei som kan starte når utdanninga er ferdig.
Arbeidsoppgåver
- Jordmorfagleg ansvar for gravide, fødande og barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte foreldre"
- Rettleiing av jordmorstudentar/ sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
- Varierande sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ein fordel
- Erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)
- Generell sjukepleieerfaring
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Sykepleier / Jordmor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jordmor, Kvinneklinikken
- FINN-kode 366824501
- Sist endret