Sykepleier
Voss DPS NKS Bjørkeli
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
NATTEVAKT - SJUKEPLEIAR/VERNEPLEIAR
Me har ledig 2 nattevaktstillingar ved døgnavdelinga, Voss DPS.
69,95% fast stilling frå 01.10.2024
65,73% fast frå d.d
Stillingane er per i dag knytt til nattevakter, men kan på sikt endra seg.
Arbeidsoppgåver
- Nattevakter har på linje med anna personale, ansvar for å fylgja retningslinjene som er lagt for avdelinga generelt og for den enkelte pasient spesielt.
- Ansvar og tilsyn for den enkelte pasient.
- Ansvar for administrering av medikament
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring frå psykiatri vil vere ein fordel
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid
- Ansvarsbevisst
- Interesse for sjukepleie som fag
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (KLP)
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
Om arbeidsgiveren
Voss DPS NKS Bjørkeli - Varierte dagar med fagleg tyngde
Voss DPS NKS Bjørkeli (Voss DPS) er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Voss lokalsjukehusområde: Voss, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. Me gir eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod til vaksne med psykiske lidingar, og har no to ledige faste stillingar.
Det er lett å vera ny hjå oss. Me er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt og dei opne dørene – det skal alltid vera lett å spørja om råd. Du er velkommen inn i ein vennleg atmosfære og eit dynamisk miljø med engasjerte kollegaer.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
sjukepleiar, vernepleiar, psykiatri, natur, voss
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366825157
- Sist endret