BUP Sentrum søker pedagog/ logoped/ spesialist i klinisk pedagogikk
Helse Bergen
- Frist 17.09.2024
- Ansettelsesform Fast
BUP Sentrum søker pedagog/ logoped/ spesialist i klinisk pedagogikk
BUP Sentrum er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane.
BUP Sentrum er ein allmenn barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk som held til på Strandkaien midt i Bergen sentrum. Vi har utsikt til Bryggen og Fløyen, og anløp av hurtigbåtane til Kleppestø, Frekhaug og Knarvik like utanfor døra. Det er kort avstand til buss-samband på Torget og til bybanestoppet i Byparken, og heile tilbodet til Bergen sentrum ligg i gåavstand fra poliklinikken. I BUP Sentrum sitt opptaksområde som omfattar bydelane Årstad og Bergenhus i Bergen kommune bur det omkring 12 000 barn og ungdom. Poliklinikken har om lag 35 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn, og er inndelt i fire kjerneteam. Vi har klinikkovergripande tyngdepunkts-funksjonar for spiseforstyrringar og for sped- og småbarn.
Vi har ledig fast stilling for pedagog, gjerne logoped og/eller spesialist i klinisk pedagogikk. Vi ønsker ein medarbeidar med erfaring frå arbeid med skulebarn. Det er krav om masternivå og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiing av psykiske lidingar, mellom anna observasjonar og kartlegging av barn
- Gje konsultasjon og rettleiing til barnehagar, skular, og ulike kommunale tenester for barn og unge
- Gje oppfølging og rettleiing til barn og familiar
- Samarbeid med andre delar av spesialisthelsetenesta og andre aktuelle instansar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på masternivå, gjerne logoped og/eller spesialist i klinisk pedagogikk
- Ønskeleg med testkompetanse på språkutgreiing og andre testar av skulebarn
- Det vil bli lagt vekt på tidlegare erfaring
- For stillinga er det krav om særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Trivast i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo på arbeid
- Kan både jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Har stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide strukturert og målretta
- Må ha evne til fleksibilitet i ein varierande kvardag
- Ved tilsetting vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Sentrumsnær arbeidsstad med flott utsikt over Bryggen
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Sosialkomitè og sosiale arrangement
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Logoped
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagog, BUP Sentrum, logoped, BUP Sentrum, spesialist i klinisk pedagogikk, BUP Sentrum
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366832478
- Sist endret