Senioringeniør
GOODTECH AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Senioringeniører Førde
Goodtech er eit leiande nordisk teknologikonsern. Me leverer prosjekt, tenester og produkt til industri og energibransjen. Målet vårt er å skape verdi for kundane våre ved å gjere dei meir effektive og sikre at HMS og berekraft er i fokus. Goodtech er notert på Oslo Børs, har ein omsetning på omlag 800 millionar kroner og har i underkant av 350 tilsette i Noreg og Sverige.
Me er stolte av å være ein sertifisert Great Place to Work-bedrift,og me får særleg høge poeng på fellesskapsdimensjonen i vår årlege medarbeidarundersøking. Medarbeidarane trivst godt saman, og Goodtech jobbar kontinuerleg med å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Me skapar konkurransefortrinn
For at nordisk industri skal være konkurransedyktig også i framtida, må ho vere verdsleiande når det gjeld industriell effektivitet og berekraft.
For å få til dette treng den deg - og oss.
Som eit børsnotert selskap har me musklane til eit stort selskap, samtidig som me har nærleiken til den lokale verksemda. Dette gjer oss i stand til å levere alt frå store og teknisk krevjande prosjekt til mindre oppdrag. Vår kjernekompetanse er konsentrert rundt automatisering, digitalisering, elektrifisering og avansert produksjonsteknologi.
Goodtech i Førde
Bli ein del av vårt dynamiske team på 8 tilsette i Førde og opplev arbeidsglede i moderne og flotte lokale i Peak-bygget. Me står ovanfor spennande utfordringar med fleire prosjekt som krev samarbeid med Goodtech sine dyktige ingeniørar over heile landet.
No søkjer me både nyutdanna og erfarne ingeniørar innan automasjon, robotisering, digitalisering, datateknologi og elektro/elkraft. Dersom du har meir enn 5 års erfaring, kan me tilby deg stilling som senioringeniør, systemarkitekt eller teknisk spesialist, avhengig av di kompetanse og erfaring. Som ein del av vårt team vil du delta i spennande prosjektleveransar og teknisk oppfølging, samt ha moglegheit til å leia studiar og gje teknisk rådgiving. I våre prosjekt vil du vera involvert i heile prosessen frå idé og forprosjekt til ferdig idriftsatt anlegg. Det gjev deg ein unik sjanse til å vidareutvikla din kompetanse i eit uformelt og fagleg sterkt miljø. Me legg vekt på ein god balanse mellom arbeid og fritid, og tilbyr konkurransedyktige vilkår.
Søk no og vær med å forma framtidas teknologiske løysingar, som sett spor etter oss i bransjen.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- Teknisk leiing og deltaking i studiar
- Prosjektleveransar innan kontrollsystem, SCADA, MES, høgspent/lågspent, industriel digitalisering og/eller OT infrastruktur
- Delta aktivt i tilbodsarbeid, i dialog med både kunde og leverandørar
- Delta aktivt i forbetringsarbeid med utvikling og forbetring av prosessar, metodar og verktøy
- Samarbeid på tvers av lokasjonar og disipliner for komplette løysningar
Utdanning og erfaring:
- Relevant utdanning/erfaring innan automatisering, elektro, datateknologi eller liknande, fortrinnsvis Bachelor eller Master
- Minimum 5 års relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar:
- Du er systematisk og fagleg dyktig
- Du jobbar målretta, held fristar og er nøyaktig
- Du er ein god lagspelar og samarbeider godt med dine kollegaer
- Du er serviceinnstilt, positiv og løysningsorientert
Kvifor jobbe hos Goodtech?
- Fleksibel arbeidstid med mogligheit for heimekontor
- Hyggelege og sosiale kollegaer som samarbeider tett både internt og på tvers av lokasjonar
- Stor påverknadskraft der du får jobbe med hele prosessen frå idé til gjennomføring
- Spennande prosjekt og ein variert arbeidskvardag
- Konkurransedyktige lønnsvilkår
- Solide pensjons- og forsikringsordningar
- Mogligheit til å ta del i selskapets aksjespareprogram
- Ein arbeidsgivar som legg til rette for faglig utvikling gjennom kursing, vidareutdanning e.l.
Interessert?
Bli betre kjend med oss og dine fremtidige kollegaer på:
Goodtalks | Podcast on Spotify: https://open.spotify.com/show/7dvw7oUbI4Q83ibeMfRVuU?si=f03886fb8ab54cd8&nd=1&dlsi=dd82ba7a7cf14f3e
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Hafstadvegen 25, 6800 Førde
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Elektroingeniør, Ingeniør
Nøkkelord
ingeniør, automasjon, digitalisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366927967
- Sist endret