Erfaring med teknisk og administrativ støtte før og under arrangement?
OsloMet - storbyuniversitetet
- Frist 03.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Overingeniør ved Kurs- og konferansesenteret
Har du erfaring med teknisk og administrativ støtte før og under arrangement?
Fleire disputas, kurs og arrangement ved OsloMet har ført til auka behov for og bruk av audiovisuelt utstyr og program, teknisk støtte og vegleiing av deltakarar. Trivast du med å administrere, legge til rette, lære opp og tilby brukarstøtte kan dette vere stillinga for deg.
Stillinga er ei fast 50% stilling, med varierande arbeidstider etter ulikt behov, der du må rekne med noko helg- og kveldsarbeid. Arbeidsstaden vil i hovudsak vere studiestaden i Pilestredet i Oslo. Det er ønskeleg med oppstart 1. oktober 2024.
Du blir ein del av eit hyggeleg fagteam på fem personar på vårt kurs og konferansesenter.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere- administrere digitale løysningar for digitale eller hybride arrangement og disputasar
- sikre kvaliteten, delta i planlegging og gjennomføring av arrangement og disputasar
- gi vegleiing om rom med hybrid utstyr, nettverkstilgang og breibandkapasitet
- brukarstøtte og teknisk vegleiing under førebuingar, øvingar og direktesendingar
- samarbeide med kollegaer på tvers av fakulteta og andre utdanningsinstitusjonar, ofte med koordinering over fleire tidssoner
- sakshandsaming
Du vil også kunne få andre oppgåver avhengig av din kompetanse og OsloMet sine behov.
Vi søker deg som har- relevant universitets- eller høgskuleutdanning, minimum bachelorgrad. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring med rigging til og gjennomføring av digitale og hybride arrangement
- erfaring med teknisk scenearbeid under arrangement, inkludert lydteknikk
- erfaring med planlegging og logistikk i forkant av arrangement
- erfaring med å kartleggje behov og yte god service i møte med artistar og formidlarar
- evne til å formulere klare og presise svar på eksterne førespurnadar
- gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- kjennskap til medieverktøy for opptak av lyd og video, og samhandlingsverktøy
- kjennskap til forsvarleg bruk av opptak med omsyn til GDPR
- kunnskap om oppsett av og konfigurera Windows 10, og kunne hjelpe med installasjon av applikasjonar
- kunnskap om brukartilgangar og sikkerheit for digitale møte i Zoom/Teams
- erfaring med lydarbeid
- kunne rigge til musikalske arrangement og seremoniar
Vi ser etter nokon som har følgande personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- evne til sjølvstendig arbeid
- er serviceinnstilt, nøyaktig og påliteleg
- opptrer profesjonelt i møte med eksterne samarbeidspartnarar
Å være personleg egna for stillinga vil bli vektlagd.
Vi tilbyr- ein spanande jobb på Noregs tredje største universitet
- hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
- gode låne- og pensjonsordningar i Statens Pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMet sin lønnspolitikk i 1087 Overingeniør, i lønnstrinn 53–60, tilsvarande kroner 524 700–585 500 per år. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar. Frå lønna vert det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.
Andre opplysningarØnsker du meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med:
- Seksjonssjef, Pierre Wijnen, telefon 67 23 51 47
- Seniorrådgivar, Kari Lise Odberg, telefon 67 23 54 44
Vi behandlar berre søknader sendt gjennom vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må vere lasta opp for at vi skal kunne behandle din søknad. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsettingar må vere autoriserte. Dersom du vert invitert til intervju, må du vere forberedt på å vise fram originalar. OsloMet kontrollerer dokument slik at du som kandidat skal få ei reell vurdering og ein rettferdig konkurranse. OsloMet vil også kunne gjennomføre bakgrunnssjekk. Vi vil i de tilfelle innhente samtykke.
Du som søkar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkarlista sjølv om du har bedt om at søknaden skal bli handsama konfidensielt. Om det skjer, vil du bli varsla før publisering.
Dersom du vil søke på stillinga, må du søke elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.
Søknadsfrist: 3. september 2024.
Ref.: 24/23184
Om arbeidsgiveren
OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Pilestredet 46, 0167 Oslo
- Bransje: Event og arrangementer, Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Brukerstøtte/support, Foto, lyd og lys
Nøkkelord
Arrangement, rigging, tekniskt støtte, direktesendinger, brukerstøtte
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366946068
- Sist endret