Rekneskapskonsulent
Sunnfjord kommune
- Frist 5.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Sunnfjord kommune har ledig stilling som
Vi ser etter deg som er interessert i rekneskap og ynskjer å vere ein del av vårt gode arbeidsfellesskap.
Eining for rekneskap og løn har for tida 15 tilsette med kontor på rådhuset i Førde sentrum.
Eininga fører rekneskapen for Sunnfjord kommune og fleire interkommunale selskap. I dette ligg føring av rekneskap, produksjon av løn og fråvære, fakturering og innkrevjing av kommunale varer og tenester. I tillegg produserer eininga løn for to andre kommunar.
Eininga bidreg også i arbeidet med utarbeiding av budsjett og økonomiplan, samt drift av Framsikt som økonomi- og rapporteringsverktøy.
Eininga er organisert i stab hjå kommunedirektøren, og har ein støttefunksjon overfor einingane i kommunen, samt leiargruppa.
Vi har ledig:
100% fast stilling som konsulent for snarleg tilsetting
Arbeidsoppgåver:
- ulike oppgåver knytt til dagleg rekneskapsføring
- periode- og årsavslutning med tilhøyrande avstemmingar og dokumentasjon
- rapportering til offentlege instansar
- utvikling av rutinar og utøving av internkontroll
- opplæring og rådgjeving
- problemløysing, avstemming og andre løpande oppgåver innan rekneskapsområdet
Arbeidsoppgåvene vil kunne variere alt etter din kompetanse og eininga sitt behov.
Vi søker etter deg som har:
- utdanning innan rekneskap/økonomi, eller anna relevant fagområde, fortrinnsvis på bachelor nivå
- relevant arbeidserfaring innan rekneskap eller løn
- gode IT kunnskapar
Personlege eigenskapar:
- du er strukturert, nøyaktig og engasjert
- du arbeider sjølvstendig, men trivast og med å arbeide ilag med andre
- du er lærevillig og opptatt av digitalisering og dei moglegheitene det gir for effektivisering
Vi kan tilby:
- eit spennande og bredt fagmiljø innan områda rekneskap og løn
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling via arbeid og vidareutdanning
- tilbod om kurs, slik at du kan vidareutvikle din kompetanse og eventuelt behalde din autorisasjon
- konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- ein moderne arbeidsplass, for tida på rådhuset i Førde sentrum
- ein god og trygg arbeidsplass
- fleksibel arbeidstid og sommartid
Hos oss får du eit godt arbeidsmiljø, ansvar og tillit.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hafstadvegen 42, rådhuset, 6802 Førde
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Lønn, Økonomistyring og budsjettering, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 366972836
- Sist endret