JURIDISK RÅDGJEVAR
Åna fengsel
- Frist 08.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?
JURIDISK RÅDGJEVAR
Om stillinga
Åna fengsel har ledig ein fast, full stilling som juridisk rådgjevar.
Juridisk rådgjevar er underlagt assisterande fengselsleiar og vil inngå i team med to juridiske rådgjevarar.
Juridisk rådgjevar er underlagt assisterande fengselsleiar og vil inngå i team med to juridiske rådgjevarar.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er tillagt ansvar for saksbehandling av enkeltsaker angåande innsette etter straffegjennomføringslova med retningsliner, og forvaltningslova.
Stillinga er og tillagt oppgåver frå andre fagområde, samt rådgjeving og opplæring av tilsette i fengselet.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
Rådgjevar
• juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
• god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskjeleg at du har:
• kjennskap til straffegjennomføringskjeda
• gode engelskkunnskapar
Personlege eigenskapar
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• sjølvstendig, initiativrik og god gjennomføringsevne
• evne til å samarbeide godt med ulike faggrupper
• jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
• evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
• fleksibilitet og positiv innstilling vil verta tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
• gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
• Stillinga vert løna i stillingskode 1434 rådgjevar i ltr. 56 - 69 kr 548600 - 679700.- (Høgare løn kan i særskilde høve vurderast.)
Frå brutto løn vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til assisterande fengselsleiar Morten Røer på telefon 51799011
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 160 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Åna, 4365 Nærbø
- Bransje: Helse og omsorg, Politi og sikkerhet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- FINN-kode 367267025
- Sist endret