Ingeniørar og fagarbeidarar innanfor elektro og mekanisk
SKL
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
SKL SØKJER TEKNISK PERSONELL
Me satsar innan utvikling av fornybar energi. Over ein periode skal me styrka laget og treng ingeniørar og fagarbeidarar innanfor elektro og mekanisk.
Du vil jobbe i avdelinga Teknisk drift og vedlikehald, avdelinga har det overordna ansvaret for drift og vedlikehald av alle SKL sine 35 kraftanlegg.
I tillegg har avdelinga det faglege ansvaret for elektro og mekanisk i oppgraderings- og utbyggingsprosjekt.
Det er ei sterk fagleg avdeling som i dag tel 27 tilsette, og held til i Matre og Etne.
Arbeidsstad vil vere Matre. Fagarbeidarane har i stor grad oppmøte ved anlegg.
Her ligg det inne mykje fleksibilitet og ein eigen bilavtale for dei tilsette.
Vil du høyre meir? Ta kontakt for ein uforpliktande prat!
Søknad og CV sendast til jobb@skl.as - Me handterer søknadane fortløpande og kontaktar relevante kandidatar for samtale.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er Norges 10. største vasskraftprodusent og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 hustandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovuddelen av produksjonen og driftsmiljøet er lokalisert til Matre i Kvinnherad kommune, der fleire kraftstasjonar nyttar vassressursane i Blådals-vassdraget. SKL har også ei driftsavdeling i Litledalen i Etne kommune tilknytt Litledalen- og Hardeland Kraftverk. Administrasjonen i selskapet sit på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: 5498 Matre
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Elektroingeniør, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Energi, Ingeniør, Energimontør, Mekaniker, Vannkraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367282659
- Sist endret