Grunnskulelærar
Voss herad
- Frist 18.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Ledig 3 x 100% faste undervisningsstillingar ved Vangen skule
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
Om avdelinga:
Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon.
Me har ledig opptil 3 stillingar som grunnskulelærar med tiltreding snarast, faste stillingar og årsvikariat.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene vil vera knytt til undervisning i klassar, grupper og evt kontaktlærar funksjon.
- Primert ynskjer me å tilsetje i 100% stilling, men ein kan søkja på deler av stilling
Kvalifikasjonar:
- grunnskulelærar
- undervisiningskompetanse i fleire fag
- me treng spesialpedagogar som har erfaring innanfor autismespekteret
- evnt. Anna relevant pedagogisk utdanning kan bli vurdert.
Me ynskjer ein kollega som er:
- samarbeidande
- relasjonell kompetanse
- kompetanse innan samarbeid i team
- strukturert
- trygg og tydeleg
- engasjert og positiv til utvikling av Vangen skule
- trygg i leiing av klassar og læringsarbeid
- glad i å vera saman med andre
Voss herad tilbyr:
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
- Fast stilling i Voss herad
- Kontaktlærartillegg kr. 38 000 per år
- God ordning for etter- og vidareutdanning
- Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
- Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
- Gode kollegaer og eit positivt miljø
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
- Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Hestavangen 24, 5700 Voss
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer
Nøkkelord
grunnskolelærer, grunnskolelærar, allmennlærer, lærer, lærar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367288007
- Sist endret