Psykologspesialist/psykolog
Helse Bergen
- Frist 04.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Ved BUP Nordhordland er det ledig 100% fast stilling for psykologspesialist/psykolog. Det blir søkt etter spesialist i klinisk psykologi for barn og unge, men psykologar kan også søke.
BUP Nordhordland held til i Knarvik og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er i overkant av 8500 barn i opptaksområdet, som består av kommunane Alver, Austrheim, Masfjorden, Fedje, Gulen og Modalen. I tillegg til utgreiing og individuell terapi legg vi vekt på gruppebehandling og psykoedukasjon til både barn og foreldra deira. Vi ligg naturskjønt til, og ein del av behandlinga kan også vere arenafleksibel.
Vi er ein poliklinikk med 21 gode kollegaer i eit tverrfagleg godt fellesskap. Vi arbeider etter kunnskapsbaserte metodar og har eit tett samarbeid med førstelinjetenesta og andre relevante etatar. Vi held til i nye flotte lokale i Region Nordhordland Helsehus, og er samlokalisert med mellom andre Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk, fleire andre seksjonar frå Helse Bergen og mange kommunale instansar. I det seks etasjar høge huset ligg alt til rette for mykje godt tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
Vi ligg plassert ca 30 minuttar frå Bergen sentrum, og det går ekspressbuss 4 gonger i timen i rushtida. Det går og snøggbåt frå Strandkaien som tar deg like til oss på Knarvik. Det er ein flott tur og ein god start på dagen.
Kven treng vi? Vi ser etter deg som er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig. Og ikkje minst ser vi vi etter deg som klarar å skape ein god terapeutisk relasjon med barn, unge og foreldra deira i vanskelege periodar i liva deira.
For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon og særs god meistring av norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Stillinga er ledig fra 01.11.24.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og unge
- Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, foreldrerettleiing, gruppebehandling)
- Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesjukepleiar, barnerverntenester og barnehagar
- Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
- Det blir forventa at spesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering
Kvalifikasjonar
- Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg
- God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hjå barn og unge
- Det vil bli lagt vekt på erfaring og kompetanse som er i samsvar med poliklinikkens strategi og kompetanseplan
- Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og foreldrerettleiing
- Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Personlege eigenskapar
- Erfaring frå og eit ønske om å jobbe i eit tverrfagleg team
- Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
- Erfaring frå førstelineteneste er ein fordel ettersom stillinga krev høg grad av samarbeid med kommunale instansar
- Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
- Opptatt av og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjonseevner
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ha god arbeidskapasitet
- Du er ein triveleg og god kollega som bidrar til takhøgde og raushet
- Du er fagleg trygg og samstundes audmjuk og lærevillig
- Du er profesjonell i din framferd og bevisst ansvaret som ligg til rolla
- Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutteringstillegg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell / Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Psykologspesialist, Psykolog, Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Nordhordland
- FINN-kode 367302756
- Sist endret