Utviklar
Statens vegvesen
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du setje spor på vår digitale veg?-vi treng fleire utviklarar til miljøet vårt i Bergen!
Utviklar
Er du den me ser etter?
Statens vegvesen er i gang med å gjere ei kraftig oppskalering av utviklingsnære roller. Vi er derfor på jakt etter deg som vil jobbe med løysingane våre. Vi utviklar og forvaltar mellom anna ei rekkje publikumstenester med høgt brukarvolum og stor nytteverdi for både innbyggjarar og næringsliv, og satsar vidare på ulike løysningar for tilsyn og kontroll av køyretøy og en rekke andre samfunnsnyttige tenester.
Her finst moglegheiter for erfarne utviklarar som ønskjer å setje fotavtrykk på utviklingsfaget i Statens vegvesen, og for nyutdanna som ønskjer å utvikle seg saman med talentfulle og dyktige menneske. Vi er organiserte i tverrfaglege produktteam med brei kompetanse og høgt engasjement. Vi jobbar innsiktbasert, etter smidige prinsipp der våre team får høg grad av sjølvstyring, tillit og ansvar.
I front bruker vi rammeverk som React og React native. Vi bruker mellom anna REST og SOAP tenester og dessutan GraphQL. Backend-tenester er utvikla i Java eller Kotlin. Statens vegvesen har ei privat sky, som tilbyr funksjonalitet som støttar opp under kontinuerlig integrasjon og kontinuerlig utvikling. Vi bruker Jira for oppgåvehandtering. Figma, Miro, Slack og Teams til design og samhandling og Grafana og Splunk for overvaking og logging. Vi jobbar smidig og tilpassar oss nye teknologiar og verktøy etter behov.
Etter sommaren tok digi.no ein prat med kollegaene våre på Bergenskontoret, for å høyre korleis det er å jobbe her. Dette kan du lese meir om her (https://www.digi.no/tumstudio/digitalisering-og-offentlig-it/annonse-vi-lager-noen-av-norges-aller-mest-brukte-digitale-losninger-da-ma-alt-vaere-kvalitet-hele-veien/548524).
Arbeidsoppgåver
Du vil bli ein del av eit tverrfagleg team der de har det funksjonelle og tekniske ansvaret for ein eller fleire løysingar og arbeider kontinuerleg med å forbetre og vidareutvikle den over tid. Som utviklar kan oppgåvene dine omfatte både front-end og back-end utvikling, avhengig av din profil og interesser.
Vi er opptekne av å byggje fagmiljø, og ønskjer også at du skal bidra til dette.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minst bachelornivå
- For frontend-utviklere blir erfaring vektlagd med JavaScript/Typescript og React
- For backend-utviklere blir erfaring vektlagd med Kotlin eller Java
- Fordel med erfaring og interesse for smidige metodar
For å bli vurdert som seniorutviklar, krevst minst 5 års relevant arbeidserfaring etter enda studium. Vi vektlegg også praktisk erfaring med teknologiane og verktøya våre (sjå over), og at du kan fungere i ei sentral rolle i utviklingsmiljøet vårt. For den rette kandidaten vil det også være mulig å ta ansvar som techlead i et av våre team.
For kandidatar med sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Arbeidsoppgåvene krev god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår me ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå
HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Personlege eigenskapar
- Er nysgjerrig og lærevillig, og i tillegg oppteke av å dele kompetanse.
- Tek initiativ og har gjennomføringsevne
- Ein god bidragsytar til både teamet og fagmiljøet
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
- Gode kollegaer som etterlever våre verdiar profesjonell, framtidsretta og inkluderande
- Opplæring, introduksjonsprogram og fadderordning
- Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
- Moglegheiter for heimekontor
- God pensjonsordning og moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse
- Godt arbeidsmiljø i dei moderne lokala våre i Bergen
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Aktuelle kontorsteder for stillingen vil være: Bergen
Les meir om jobb å jobbe Statens vegvesen her: https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/)
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Kontaktperson
Meir opplysningar om stillinga kan fåast ved førespurnad til seksjonssjef Frank Nilsen på tlf. 41130000 eller e-post fnilse@vegvesen.no
Om arbeidsgiveren
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Divisjon IT har eit heilskapleg ansvar for at all digitalisering i Vegvesenet blir gjord framtidsretta, smidig og sikkert på tvers av fagområda til etaten. Divisjonen varetek utvikling av dei digitale kanalane og tenestene til etaten, er ein partnar for fagsida og ein pådrivar for innovasjon og utvikling av nye, brukarvennlege løysingar. Fagsida blir støtta frå idé til realisering, med smidige prosjekt og leveransar.
Divisjonen har seks avdelingar: styring, utvikling, produkt og tenester, infrastruktur og drift, forretningsutvikling og innovasjon og brukarnær IT. Divisjonen har over 350 medarbeidarar over heile landet, med hovudkontor i Drammen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: App utvikler, Front-end, Utvikler (generell)
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367790893
- Sist endret