Strategisk innkjøpssjef
Havila Service
- Frist 15.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vi vil at innkjøp skal bygge på våre verdiar og bidra til berekraft. Vil du?
Vi søker ein engasjert og erfaren strategisk innkjøpssjef til vårt team. Som strategisk innkjøpssjef vil du ha ansvar for å utvikle og implementere innkjøpsstrategiar som støttar Havilagruppa sine verdiar og berekraftsmål.
Du vil jobbe tett med de ulike selskapa i gruppa, for å sikre kostnadseffektive og kvalitetsmessige innkjøp i tråd med overordna strategiar.
Havila gir gode mulegheiter for eigenutvikling og verdset medarbeidarar som tar initiativ og ansvar.
Ansvarsområde og arbeidsoppgaver
- Videreutvikle og implementere kostnadseffektive og berekraftige innkjøpsstrategiar
- Forhandle og inngå avtalar med leverandørar med fokus på miljø og etikk
- Analysere marknadstrendar og identifisere nye og berekraftige leverandørar
- Sikre kvalitet og kostnads- og ressurseffektivitet i innkjøpsprosessar
- Samarbeide med selskap i konsernet for å forstå deira behov og krav
- Ivareta og utvikle stordriftsfordelar
- Overvake og evaluere leverandørkjede for å sikre at ein innfrir krava i Openheitslova
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan økonomi, logistikk eller liknande
- Minimum 3 års erfaring frå strategisk innkjøp
- Sterk forhandlingsevne og kommersiell forståing
- Dyktig analytikar med erfaring frå bruk av analyseverktøy
- Flytande i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med prosjektleiing er ein fordel
Eigenskapar og haldningar vi ser etter:
- Gode kommunikasjonsevne og evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Samarbeidsorientert og god til å etablere gode og relasjonar på alle nivå
- Proaktiv og løysingsorientert
- Engasjert og interessert i å forstå samanhengar og ønske om å skape resultat
Vi tilbyr ein trygg og solid arbeidsplass i eit konsern med gode framtidsutsikter. Vidare tilbyr vi konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Arbeidsstad er Havilagruppa sitt hovudkontor i Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset.
All kontakt om stillinga blir behandla konfidensielt. Dersom du har spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt.
Om arbeidsgiveren
Havila Service AS har om lag 40 tilsette i ulike støtte- og stabsfunksjonar for fleire selskap i Havilagruppa, som rederia Havila Shipping, Havila Subsea & Renewable og Havila Kystruten i tillegg til mellom anna Havila Hotels, eigedomsselskap, Havila Biogass og Havilagruppa på konsernnivå.
Havila Service (HS) leverer tjenester innen en rekke ulike fagområder, mellom anna lønn, mannskapstjenester, regnskap, IT, bærekraft og innkjøp.
Gjennom å samle desse funksjonane eit felles selskap får vi større fagmiljø og heva kompetanse.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Mjølstadnesvegen 24, 6092 Fosnavåg
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Eiendom, Reise og turisme, Shipping
- Stillingsfunksjon: Forhandling, Forretningsutvikling og strategi, Innkjøp/forhandling
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Innkjøp, prosessforbedring, strategiutvikling, bærekraft, strategisk
Havila Service held til på Havilahuset i Fosnavåg næringspark. (1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 367913894
- Sist endret