Miljøterapeut
Bufetat
- Frist 13.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut
Bergen Akuttsenter avdeling Toppe søkjer etter miljøterapeutar i deltidsstillingar
- Fast 50,67 % stilling som miljøterapeut.
- 2 x fast 47,9 % stilling som miljøterapeut.
- Turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg.
Det kan være moglegheiter for fleire ledige stillingar på avdelinga.
Bergen akuttsenter ivaretar akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernslova § 4-4 (atferdsplassering akutt tvang).
Bergen akuttsenter har 5 + 1 plassar på avdeling Toppe.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsdagen din vil bestå av:
- Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehandtering
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom
- Ta i mot nye ungdomar
- Dokumentasjonsansvar
- Praktiske oppgåver i avdelinga
Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise, store variasjonar i problematikk: bakgrunn, åtferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Kvalifikasjonar
Kva slags bakgrunn har du:
- Minimum treårig relevant høgskuleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarande 180 studiepoeng
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Sertifikat kl. B
Det ønskeleg at du har:
- erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon
- kjennskap til barnevernlov
- kjennskap til traumebevisst omsorg
Personlige egenskaper
Kven ser me etter?
- Me treng fleksible, tydelege, reflekterte og trygge ansatte
- Me ønskjer medarbeidarar med klare haldningar som vil framstå som gode rollemodellar for ungdomane
- Me legg vekt på personlege eigenskapar som å vere sjølvstendig, ansvarleg, påliteleg, åpen, samarbeidsvillig
- Me legg vekt på engasjement, initiativ og interesse for ungdomane
For oss er det også svært viktig korleis du som person egnar deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga
Vi tilbyr
- Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i ein vanskeleg livsfase.
- Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kollegaer med høg fagkompetanse.
- Vi har eit godt arbeidsmiljø og god takhøgde, og vi gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, p.t. kr. 466 600 - 487 800 pr. år (ltr. 45-48) 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), stillingskode 1173 klinisk sosionom eller stillingskode 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi kan dessutan tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tidea lagt til Bergen Akuttsenter avdeling Toppe.
- Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngis. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.
Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved et eventuelt intervju.
For spørsmål om stillinga kontaktes avdelingsleiar Thore Ingebrigtsen på telefon 46615876.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Skinflorbakkane 12, 5136 Mjølkeråen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Sosionom, Vernepleier, Barnevernspedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368021897
- Sist endret