Prosjektleiar
Maritime CleanTech
- Frist 20.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar for grøn skipsfart
Brenn du for det grøne skiftet og liker å skape, utvikle og leie prosjekt?
I Maritime CleanTech får du sjansen til å realisere ambisjonane!
Maritime CleanTech er i vekst og treng fleire medarbeidarar. Me brenn for grøn maritim innovasjon og utviklar nye, klimavenlege løysingar for fartøy og infrastruktur i tett samarbeid med våre partnarar. Me søkjer deg som deler dette engasjementet, og som har nokre års erfaring etter relevant utdanning. Den me ser etter har kapasitet til å drive frem prosjekt og evner å samarbeide på tvers av forskjellige fagfelt både i industri og i akademia. Hos oss blir du involvert i teamarbeid, prosjektutvikling, forretningsutvikling og innovasjon. Du må jobbe strategisk for å sikre ønska framdrift og skape sterke samarbeidsalliansar. Gjennom tett samarbeid med dei om lag 140 medlemsbedriftene våre vil du jobbe i eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå heile den grøne maritime næringa.
Arbeidsdagen hjå oss er variert og dynamisk. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og mange spennande utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.
Oppgåver knytt til stillinga:
- Leie teknologiutviklingsprosjekt beståande av partnarar i internasjonale konsortium
- Leie prosjekt og rapportere teknisk og finansiell prosjektstatus til tilskotsgivar, typisk med EU som oppdragsgivar
- Gjennomføre prosjektmøter, etablere- og oppretthalde planer og budsjett i prosjekter
- Opptre som Maritime CleanTech sin representant utad, både i prosjekt, møte med medlemsbedrifter og i dialog med eksterne partnarar
- Oppfølging av Maritime CleanTech sine medlemsbedrifter
- Presentere Maritime CleanTech og våre prosjekt på messer, konferansar og ved delegasjonsbesøk
- Identifisere aktuelle støtteordningar og bidra til søknadsutvikling saman med kollegaer og samarbeidspartnarar
Dei me ser etter har:
- Teknisk, økonomisk eller annan relevant utdanning på masternivå
- Erfaring med prosjektarbeid knytt til innovasjon og/eller teknologiutvikling
- Kunnskap og interesse for maritim bransje, fornybar energi, og arbeid med omstilling til eit berekraftig samfunn
- Evne til å drive prosessar og prosjekt framover
- Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner på norsk og engelsk
- Evne til strategisk og analytisk tenking
- Fleksibilitet, høg arbeidskapasitet, og er nytenkande, positiv og motivert
- Eigenskapar som lagspelar og likar å oppnå resultat i dagleg tett dialog med kollegaer og eksterne
- Evne til å skape relasjonar og bygge nettverk
I tillegg er det ein fordel om du har relevant jobberfaring, gjerne frå verft, maritime bedrifter eller prosjektarbeid.
Maritime CleanTech er ei nasjonal klynge med kontor i Bergen, på Stord og i Stavanger. Noko reising må påreknast.
Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda.
Om arbeidsgiveren
Maritime CleanTech er Noregs leiande næringsklynge for samarbeid om utvikling av grønare skipsfart. Dei nær 140 klyngepartnarane kjem frå inn- og utland, og inkluderer alt frå små oppstartsbedrifter til store konsern knytte til maritim næring. Også forskingsmiljø, akademia, finansaktørar og offentlege aktørar deltar aktivt i klynga. Administrasjonen består i dag av 15 medarbeidarar som bidrar til utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar saman med klyngepartnarar og internasjonale nettverk. I tillegg til norske innovasjonsprosjekt er Maritime CleanTech også involvert i fleire internasjonale konsortium, og fungerer som ein pådrivar for å hente europeisk støtte til norske partnarar.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Thormøhlens gate 49 A, 5006 Bergen
- Bransje: Ideelle organisasjoner, Kraft og energi, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Koordinering, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
prosjektleder, prosjektledelse, energi og miljø, grønn skipsfart, shipping
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368102681
- Sist endret