Markedsansvarlig
Audhild Viken AS
- Frist 30.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Skape resultater i butikk og synlighet på nett
Dette er ein ny stilling i Audhild Viken AS. Audhild Viken AS har 13 butikkar fordelt på ulike konsept. Konsepta er: Røst, Tur, Julehuset og Audhild Viken. Hovedkundegruppa er utanlandske turistar som er i Noreg på ferie. Vi ynskjer også at butikkane skal vere relevante for norske kundar, både norske turistar og lokale kundar. Butikkane er lokalisert i Bergen, Stavanger, Geiranger, Dombås, Ålesund, Skei i Jølster og Svolvær.
Arbeidsoppgåvene knytta til stillinga er:
- å sørge for at bedrifta er synleg i sosiale medier; tiktok, instagram, facebook, google, eiga nettside og på andre aktuelle plattformar
- å sørge for at butikkane er optimalt utforma og samansatte med riktig varer heile året.
- å sørge for god varepresentasjon i butikk og i utstillingsvindu
Vi søkjer ein person som har kunnskap om:
- merkevarebygging
- marknadsanalyse
- kundeadferd
- salg og service
- planlegge og gjennomføre marknadsplanar
- marknadsføring i sosiale medier
- søkemotoroptimalisering
- vareplassering (merchandising) i butikk
- dekorering av utstillinger (vindusdekoratør)
Vi søkjer ein person som vil få ansvar for at dei fysiske butikkane har gjennomtenkt og attraktiv presentasjon av varesortimentet, og fine og sesongrelevante utstillingsvindu gjennom heile året. Ein har også ansvar for at bedrifta marknadsførere seg aktivt mot både dei norske og dei utanlandske kundane. I tillegg har bedrifta som mål at personen skal vere skape aktive butikkar som alltid vender seg mot kunden og jobbar for å optimalisere omsetningen kvar dag, både i lågsesong og i høgsesong.
Personen i stillinga kan søke hjelp hos eksterne firma, feks med ein vindusdekoratør eller eit marknadsføringsbyrå dersom ein ikkje har kunnskap om alle arbeidsoppgåvene. Men ein person som har kunnskap om fleire av arbeidsoppgåvene vil bli verdsatt høgast.
Vi kan tilby ein jobb som ein i stor del kan vere med å forme sjølv. Det er ein variert jobb der ein får jobbe fysisk i butikk i lag med våre butikksjefar, og ein får jobbe digitalt med å skape innhald og gode historier i sosiale medier. Stillinga medfører også reisevirksomhet på innkjøpsmesser for å få inspirasjon og impulsar. I tillegg får ein reist rundt i Norge og besøkt våre butikkar. Reiseliv og turisme opplever stor vekst og vi har eit stort ansvar for å gje våre gjester frå utlandet ein god opplevelse.
Administrasjonen i Audhild Viken AS som i dag består av 5 personar vil flytte inn i nye kontorlokaler i Bredsgården på Bryggen i oktober 2024.
Om arbeidsgiveren
Audhild Viken AS er eit firma som vart starta i Jølster i 1950 og bygdt på salg av husflidsprodukt. I dag har bedrifta 13 butikkar innan ulike konsept lokalisert i Bergen, Ålesund, Geiranger, Skei i Jølster, Dombås og Svolvær. Hovudkundegruppa er utanlandske turistar, men fleire av konsepta er også populære blant norske kundar. Omsetningen i 2023 var ca kr 115 mill.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Bellgården 1, 5003 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Butikk og varehandel, Markedsføring og annonsering, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salg, medierådgiver, digital marketing, innholdsmarkedsføring, merchandiser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368104739
- Sist endret