Seksjonsleiar LAR
Helse Bergen
- Frist 18.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Seksjonsleiar LAR
Avdeling for rusmedisin (AFR) legemiddelassistert rehabilitering (LAR) tilbyr pasientane tverrfagleg poliklinisk og ambulant behandling, og er den største seksjonen i AFR. Som seksjonsleiar av LAR (leiar nivå 3 i Helse Bergen) rapporterer ein til direktør i AFR (nivå 2) og er del av hans leiargruppe. Den polikliniske verksemda er spreidd på seks ulike lokasjonar og har 7 teamleiarar. Heroinassistert behandling (HAB) er eit av teama. Den utlyste stillinga er såleis å vere leiar for teamleiarar, og eininga har ei eiga leiargruppe. Det er sett i gang ein prosess for å vurdere leiarstrukturen i AFR. Den som blir tilsett må derfor pårekne at det kan komme endringar i organisasjons-, leiarsstruktur, ansvar og oppgåver i stillinga.
Behandlingstilbodet er teambasert, der godt tverrfagleg samarbeid er avgjerande viktig for å kunne gi god og individuelt tilpassa pasientbehandling. Medarbeidarane har ulik fagbakgrunn og utgjer legar, psykologar, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, erfaringskonsulentar og merkantile, samt forskingssjukepleiarar. Ein stor del av pasientane mottar tenester frå kommunen, og mange har behov for behandling også for somatisk og psykisk sjukdom.
AFR LAR har vore gjennom ei rivande utvikling dei siste 10 åra og har etablert seg som ei sentral eining i utviklinga av norsk LAR, og bidrar gjennom tett samarbeid med forskingseininga i AFR til kunnskapsproduksjon om substitusjonsbehandling på høgt internasjonalt nivå. Det er etablert gode samhandlingsstrukturar med kommunale einingar og dei distriktspsykiatriske sentra (DPS) i alle byområda i Bergen kommune, samt med kommunane rundt Bergen. Det blir samarbeida tett med fastlegar.
Som leiar i AFR LAR vil det vere svært viktig å ha omfattande kjennskap til pasientgruppa og deira behov, og til korleis tenestetilbodet til dei er innretta både i spesialisthelsetenesta og i kommunane. Ein må saman med dei lokale leiarane vere tett på drifta, og samtidig evne å løfte blikket og tenke strategisk og langsiktig, for å kunne utvikle tenestetilbodet vidare i samsvar med oppdatert kunnskapsgrunnlag og AFR sine utviklingsplanar. Implementering av revidert nasjonal fagleg retningslinje for LAR, forsterking av tilbodet til pasientar i LAR med alvorleg psykisk liding (ROP), samt bidra til gjennomføring av forskingsprosjekt vil vere nokre sentrale utviklingsområde i tida framover.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift, utvikling og kvalitetssikring av LAR-tilbodet
- Personalansvar for teamleiarar, psykologar og legar
- Sikre at tenestene er i tråd med nasjonale retningslinjer og lovverk
- Fremme eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper
- Ansvar for seksjonen sitt budsjett, økonomistyring og rapportering
- Samarbeide med andre avdelingar, eksterne aktørar og samarbeidspartnarar for å sikre heilskaplege pasientforløp
- Planlegging, rapportering og anna administrativ leiing
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå (t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar, psykolog eller lege)
- Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring frå helsesektoren vil bli vektlagt
- Erfaring frå klinisk arbeid med særleg utsette rusmiddelavhengige, særleg innan LAR, blir vektlagt
- God kompetanse om rusmiddelavhengigheit generelt og legemiddelassistert behandling spesielt
- God systemforståing
- Kunnskap om relevant lovgiving, retningslinjer og etiske problemstillingar innan rusbehandling av personar med rusmiddelavhengighet
- Erfaring med bruk av Helse Bergen sine administrative system er ein fordel
- Økonomiforståing og erfaring med budsjettstyring.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til personalleiing, støtte og utvikling av medarbeidarar
- Gode evner til å få medarbeidarar med ulik fagbakgrunn til å samarbeide tverrfagleg om å nå måla i behandlinga av den enkelte pasient
- Gode evner til å samle medarbeidarar og samarbeidspartnarar innan kommune og spesialisthelseteneste om ei heilskapleg fag- og tenesteutvikling som er tilpassa pasientgruppa
- Gode evner til å etablere og vedlikehalde ein behandlingskultur som byggjer på kompetent og respektfull dialog med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Gode kollegaer
- Eit engasjert fagmiljø
- Moglegheiter til å utvikle deg som leiar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Seksjonsleder, AFR, Seksjonsleiar; Avdeling for Rusmedisin, rusmedisin, LAR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368110394
- Sist endret