Arealplanlegger
Lom kommune
- Frist 12.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye arealplanleggjar?
Vi skal tilsetje arealplanleggjar i 100 % fast stilling og søkjer etter ein person som kan bidra godt med både planfag og prosess.
Lom og Skjåk kommunar har felles tenester på fagområda plan, byggesak og miljø. På plankontoret har vi fem tilsette som arbeider med kommunale planar på alle nivå i planhierarkiet, handsaming av private reguleringsplanforslag, kommunale planstrategiar, dispensasjonar, byggesaker, forureining og utslepp, miljø og utmark. Nå ønskjer vi å utvide den allereie breitt samansette staben med ein ny planleggjar, som i tillegg til planoppgåver vil samarbeide med å støtta andre fagområde i båe kommunane.
Vi søkjer etter deg som har:
‒ Relevant høgare utdanning, minimum bachelor, innan til dømes arealplanlegging eller arkitektur
‒ God kjennskap til plan- og bygningslova og tilhøyrande regelverk
‒ Kunnskap om GIS og kartarbeid
‒ Kunnskap om handtering av naturfare i arealplanlegging
‒ God skriftleg og munnleg framstillingsevne – Lom og Skjåk har nynorsk som administrasjonsspråk
Erfaring frå offentleg forvaltning og tilhøvet mellom politikk og administrasjon er ønskjeleg. Du må kunne leie og delta godt i prosessarbeid og samarbeide godt med andre. Å vere fagleg undersøkande og reflektert er viktig i denne jobben. Du møter ofte komplekse oppgåver og du må trivast med dette, vere løysingsorientert og fleksibel og kunne arbeide deg strukturert gjennom oppgåveporteføljen. Kommunane yter tenester til innbyggjarane, og det er viktig for oss å vere tilgjengelege og rådgjevande. Vi ønskjer at du evner å ta initiativ til utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hjå oss får du:
‒ Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
‒ Ansvar og tillit
‒ Variasjon i arbeidsoppgåvene
‒ Moglegheiter for fagleg utvikling
‒ Fleksibel arbeidstid og arbeidsstad
‒ Konkurransedyktig løn
‒ Gode pensjonsordningar
Om arbeidsgiveren
Lom og Skjåk kommunar har til saman 4300 innbyggjarar som bur i tettstadar og grender mellom vakre nasjonalparkar. Kommunane er prega av landbruk og høgfjell, med eit variert næringsliv og riksveg 15 som bind oss saman med både aust- og vestlandet. I tillegg til å kunne by deg på ein variert arbeidskvardag, kan du som mange andre her nytte fritida di utandørs ved vatn og elv, på ski eller på beina i skog og fjell. Lag og organisasjonar tek i mot deg både som gjest og som bidragsytar inn i kulturlivet. Vi synest at å bu på bygda er både vakkert og variert!
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Arkitektur, areal og interiør, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Arkitekt, Landskapsarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
arealplanlegging, byggesak, plan- og bygningsloven, reguleringsplan, arkitekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368124932
- Sist endret