Kafémedarbeidar
Helse Bergen
- Frist 19.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Kafémedarbeidar
Har du erfaring frå kantine og/eller kafédrift?
Engasjerte kafémedarbeidarar søkes til å skape gode opplevingar for tilsette, pasientar og pårørande.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Hospitaldrift Matforsyning har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for drift av 3 matutsal på sjukehuset og betener over 2.000 gjester dagleg. Til dette treng vi flinke og framoverlente kafémedarbeidarar.
Vi har ledig to 100% faste stillingar som kafémedarbeidar/assistent ved Hospitaldrift Matforsyning- Kafé
Stillinga inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeid pt. kvar 3. helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 - 19.00. Det tas forbehold om at turnus og arbeidstid kan bli endra.
Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste medarbeidarar som ønsker å bidra til et godt fellesskap. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Yte profesjonell service og kundebehandling
- Betening av kasse - betalingssystem
- Tillaging av både varm og kald mat
- Vareeksponering
- Reinhald, oppvask og rydding
- Anna forefallande arbeid etter behov
- Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Ha gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast
- Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling
- Vere serviceinnstilt og imøtekommande
- Ha kjennskap til IK-mat
- Vere løysingsorientert
- Over 18 år
- Taklar fysisk krevande arbeid
Personlege eigenskapar
- Er kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov
- Er strukturert og nøyaktig
- Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø
- Er fagleg interesse og engasjement
- Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit aktivt bedriftsidrettslag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Catering, Kjøkken- og kantinemedarbeider, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Mat og servering, Kjøkken- og kantinemedarbeider, Kafé, café, Kantine, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368247746
- Sist endret