Er du oppteken av menneske og vil spele ei nøkkelrolle i NAV Vestland?
NAV
- Frist 4.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsdirektør HR og organisasjon // 2. gangs lysing
NAV fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling HR og organisasjon, avdeling partnarskap og kommunikasjon, avdeling fag og tenester og avdeling økonomi og analyse. No ser vi etter ein engasjert og handlekraftig direktør som vil få ansvaret for HR, organisasjon og innovasjon.
Avdelingsdirektør for HR- og organisasjon får ansvar for ei avdeling som skal styrke satsinga på HR og innovasjon og vere med på å utvikle både leiarar og medarbeidarar i organisasjonen. Avdelinga har sterke fagområde med høgt kompetente medarbeidarar innan HR, HMT, leiarutvikling og innovasjon. Du vil spele ei nøkkelrolle i å sikre at NAV Vestland held fram med å vere attraktiv arbeidsplass, vere ei drivkraft for innovasjon og utvikling og leie arbeidet med systematisk kompetanseutvikling i ein lærande organisasjon.
Det er viktig at du blir motivert av NAV sitt samfunnsoppdrag. Hos oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit høgt tempo, og eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille.
Stillinga rapporterer til fylkesdirektør og blir ein del av ei dyktig og engasjert leiargruppe i NAV Vestland. Administrasjonsmålet i NAV Vestland er nynorsk.
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for å utvikle NAV Vestland innan HR, leiarutvikling, innovasjon, HMT og sikkerheit
- Personal- og budsjettansvar
- Sikre eit HMT-arbeid som fremjar helse, trivsel og godt arbeidsmiljø i NAV Vestland
- Bidra til eit godt partssamarbeid og medbestemming på fylkesnivå
- Utvikle arbeidet med rekruttering, inkludering og NAV sitt omdøme som arbeidsgivar
- Ansvar for strategisk kompetanseutvikling i NAV Vestland
- Ansvar for lønsforhandlingar
- Være pådrivar for nye satsingar og ansvar for ulike prosjekt
- Bruke kompetansen din inn i leiargruppa, og bidra til å utvikle samarbeidet mellom avdelingane på fylkeskontoret
- Samarbeid med leiarar i dei ni regionane i NAV Vestland
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring som leiar med personal- og budsjettansvar
- Erfaring frå strategisk og operativt HR-arbeid
- Erfaring frå samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
- Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
- God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
Det er ønskeleg at du har:
- Tilleggsutdanning innan leiing
- God kjennskap til offentleg forvaltning og velferdstenestene
- Erfaring frå lønsforhandlingar
- Forståing for digitalisering og utvikling av framtidsretta tenester
- Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk
Kva vi ser etter hos deg
Som leiar i NAV jobbar du tillitsbasert med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å bygge tillit og sjå potensialet i dine tilsette. Evne til å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers i organisasjonen er særleg sentrale eigenskapar i denne rolla.
Som vår nye avdelingsdirektør for HR og organisasjon treng du både gode strategiske evner og operativ gjennomføringsevne, og du bidreg til gode løysingar på komplekse problemstillingar. Som person kommuniserer du tydeleg og har evne til å engasjere og inspirere andre. I tillegg ser vi etter ein leiar som kan drive endrings- og forbetringsarbeid, har god teknologiforståing og stor arbeidskapasitet.
Kvifor velje oss
- Hos oss får du jobbe med meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
- Du får eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
- Vi har trivelege og sentralt plasserte kontorlokale i Bergen sentrum
- Vi tilbyr tilsetting i stillingskode 1060 avdelingsdirektør med lønsspenn frå kr. 919 200 til kr. 1 078 600 per år (tilsvarande ltr. 82 - 88). For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
- God låneordning, forsikringar og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Om arbeidsgiveren
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, HR, personal og rekruttering, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
HR, Organisasjonsutvikling, Ledelse, HR-direktør, Personal og rekruttering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368250695
- Sist endret