Avdelingsleiar 100 % fast stilling, Tranevågen ungdomsskule
Øygarden kommune
- Frist 12.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar 100 % fast stilling, Tranevågen ungdomsskule
Om avdelinga:
Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i underkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Skulen er utviklingsorientert, og vi er opptatt av å vere ein skule som er i takt med tida. Den siste tida har vi hatt ekstra fokus på å bidra til at elevane får ei relevant opplæring for deira framtid, der medverknad og inkludering er sentrale både på fysiske og digitale arenaer.
Skulen har også eit internasjonalt fokus gjennom Erasmus+. Elevgrupper og tilsette frå oss reiser til ulike skular i Europa, samt at vi er vertskap for europeiske kollegaer og elevar som kjem på besøk til oss. Slik får elevane praktisert språk i autentiske rammer i tillegg til at dei vert kjent med andre kulturar og skulesystem.
Leiarteamet består av kontorkonsulent, tre avdelingsleiarar og rektor. Vi er opptatt av god samhandling i alle ledd, der ein drar nytte av kvarandre sine styrkar.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk leiing, administrasjon/drift av si avdeling
- Følgje opp læringsutviklinga og trivsel til elevane på trinnet saman med personalet
- Personalansvar for dei på laget
- 30 % undervisning ligg til stillinga
- Samhandle med føresette og andre samarbeidspartar både internt og eksternt
- Organisere, delta og bidra i fellesarrangement som gjeld heile skulen
Kvalifikasjonar:
- Godkjent lærarutdanning frå universitet eller høgskule
- Gode digitale ferdigheiter
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Erfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule
Ønskjeleg med:
- erfaring frå leiaroppgåver i grunnskulen, fortrinnsvis ungdomsskule
- leiarutdanning eller vilje til å ta dette i framtida
Personlege eigenskapar:
- God relasjon -og kontekstkompetanse
- Engasjert og løysningsorientert
- Likar å samhandle med andre, og få til ting i lag
- Pliktoppfyllande og punktleg
- Kan takle høgt arbeidspress i periodar
- Er ein lojal lagspelar
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Martha Helen Listou
Rektor, Tranevågen ungdomsskule
Tlf.: 56 09 63 02/ 90 61 29 82
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hamramyra 20, 5363 Ågotnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
avdelingsleiar, skule, leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368271692
- Sist endret