LEGE I SPESIALISERING (LIS3) POLIKLINIKK
Voss DPS NKS Bjørkeli
- Frist 19.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering
Me har ledig fast 100% stilling for LIS3.
Som lege ved Voss DPS NKS Bjørkeli vil du få varierte arbeidsoppgåver; mellom anna utgreiing, diagnostisering, behandling, undervisning, vegleiing mot fyrstelinja m.m.
Voss DPS NKS Bjørkeli har overlegar (spesialistar i voksenpsykiatri) og legar i spesialisering. Me har også psykologspesialistar og psykologar, i tillegg til eit tverrfagleg miljø samansatt av sjukepleiarar, vernepleiarar, fysioterapeut, sosionomar, ergoterapeut, musikkterapeut og meir.
Kvalifikasjonar
- Søkjar må beherska norsk skriftleg og munnleg
- Søkjar må ha norsk autorisasjon
- Søkjar må ha fullført LIS1
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på personleg eignaheit og gode samarbeidsevne.
Voss DPS tilbyr
- Løn etter lokal overeinkomst med DNLF
- Pensjonsordning KLP
- Solid fagmiljø med erfarne og engasjerte medarbeidarar
- Det vert tilrettelagt for spesialisering i psykiatri; undervisning, veiledning, fordjupingstid og kurs obligatoriske for LIS3.
Oppstart: Etter avtale
Om arbeidsgiveren
Voss DPS har driftsavtale ("sjukehusavtale") med Helse Vest RHF og er eigd av N.K.S. Vestland-Sør. Vi er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsjukehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord.
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har 75 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Lege
Nøkkelord
lege, spesialisering, lis3, poliklinikk, voksenpsykiatri
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368285128
- Sist endret