Miljøterapeut
Bufetat
- Frist 13.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut
Bergen Akuttsenter, avdeling Toppe, søkjer etter miljøterapeutar i vikariat og faste deltidsstillingar.
- Fast 62,09 % stilling som miljøterapeut
- 2 x årsvikariat i 62,09 % stilling som miljøterapeut
Turnusarbeid med arbeid kvar tredje helg. Det kan være moglegheitar for fleire stillingar på avdelinga.
Bergen akuttsenter ivaretar akuttfunksjonen for ungdom i alderen 13-18 år i Vestland. Avdeling Toppe tek imot ungdom etter barnevernslova § 4-4 (atferdsplassering akutt tvang). Bergen akuttsenter har 5 + 1 plassar på avdeling Toppe.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsdagen din vil bestå av:
- Miljøterapeutisk arbeid med ungdom med fokus på traumesensitiv tilnærming og krisehandtering.
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom.
- Ta i mot nye ungdomar.
- Dokumentasjonsansvar.
- Praktiske oppgåver i avdelinga.
Kvardagen i avdelingane er prega av hyppige nye inntak av ungdom i krise, store variasjonar i problematikk som: bakgrunn, atferd, psykisk fungering og omsorgsbehov, krav til å kartlegge fleire faktorar på kort tid, samt det å begynna arbeidet med å skape ei utvikling hjå ungdomen og deira familie.
Kvalifikasjoner
Kva slags bakgrunn har du:
- Bachelorgrad i sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar).
- Søkjarar med minimum treårig relevant høyskoleutdanning, gjennomført bachelor eller tilsvarende 180 studiepoeng kan og vurderast.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Sertifikat kl. B.
Det ønskeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid med ungdom i institusjon.
- kjennskap til barnevernlova.
- kjennskap til traumebevisst omsorg.
Personlige egenskaper
Kven ser me etter?
- Me treng fleksible, tydelege, reflekterte og trygge ansatte.
- Me ønskjer medarbeidarar med klare haldningar som vil framstå som gode rollemodellar for ungdomane.
- Me legg vekt på personlege eigenskapar som å vere sjølvstendig, ansvarleg, påliteleg, åpen, samarbeidsvillig.
- Me legg vekt på engasjement, initiativ og interesse for ungdomane.
For oss er det også svært viktig hvordan du som person egner deg til jobben. Det vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Hos oss får du først og fremst moglegheit til å vere ein trygg vaksen for barn og ungdom som treng det i ein vanskeleg livsfase.
- Du får jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse.
- Vi har eit godt arbeidsmiljø og god takhøgde, og vi gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61). Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleiar, p.t. kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64), stillingskode 1173 klinisk sosionom eller kode 496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64). Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Vi kan dessutan tilby eit godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bergen Akuttsenter, avdeling Toppe.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Skinflorbakkane 12, 5136 Mjølkeråen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Akuttsenter, Barnevern, Miljøterapeut, Barnevernspedagog, Bufetat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368296278
- Sist endret