Psykologspesialist/psykolog
Helse Bergen
- Frist 16.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Psykologspesialist/psykolog
Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) er sentralt plassert på Danmarksplass og har ansvar for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda.
Seksjon for gruppebehandling søker etter psykologspesialist/psykolog med spesiell interesse for mentaliseringsbasert terapi (MBT) og gruppebehandling.
Dette er ein spennande arbeidsplass med 20 høgt kvalifiserte medarbeiarar, m.a. 6 psykolospesialistar. Vi har eit mangfoldig behandlingstilbod. Vi tilstreber å tilby behandling som samsvarer med klinikkens og pasientanes behov for differensierte tilbod.
Seksjonen tilbyr strukturerte poliklinisk behandling i gruppe. Tilbodet har ei integrativ behandlingstilnærming. Vi tilbyr korttids dagbehandling i gruppe til pasientar i krise (alternativ til døgn), samt psykoterapeutiske gruppebehandling av ulik varigheit for pasientar i ei meir stabil fase. Siste nye er HIT,- høyintensiv trening som terapi. Ei anna sentral oppgåve er utgreiing og individuell oppfølging av pasientar. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angst, depresjon og livskriser.
Vi tilbyr mentaliseringsbasert behandling av pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Vi har og behandlingsprogram for pasientar med engstelig, unnvikande p.f. Det er alltid 2 terapeutar i gruppene.
Søkar sin kompetanse og interesseområde vil kunne påverke arbeidsoppgåvene.
Denne seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsfokuserte og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Seksjonen deltar i forsknings-samarbeid med "Nettverk or personlegdomsrette behandlingsprogram i Noreg".
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar
- Delta i MBT-team som individual og gruppeterapeut
- Kunne delta i MBT psykopedagogisk kurs ved behov
- Andre grupper kan bli aktuelt
- Ha indirekte spesialist ansvar
- Delta i fagleg utvikling i seksjonen
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykologspesialist/psykolog
- Erfaring med pasientgruppa
- Kjennskap til /kunnskap om MBT
- Kjennskap til gruppeterapi
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Søkar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringar
- Søkar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på
Vi tilbyr
- Arbeid i eit høgt kvalifisert fagmiljø med fleire psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m.
- Tverrfagleg teamarbeid som i praksis fungerer veldig bra
- Eit miljø med høg kompetanse innan gruppeterapeutiske behandlingsmetodar
- Engasjerte medarbeidarar
- Eit godt arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spennande seksjon
- Opplæring blir gitt etter behov
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Gruppebehandling, Mentaliseringsbasert terapi, Kronstad DPS, Psykologspesialist, Psykolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368314090
- Sist endret