Engasjement for jusstudent (ref.nr. 2024/31)
Finanstilsynet
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Engasjement
Engasjement for jusstudent
Finanstilsynet søker etter ein jusstudent i 20 prosent stilling til seksjon for antihvitvasking. Vi ønsker oss ein student som har interesse for finansområdet og antikvitvaskingsarbeid, og som har komme omtrent halvvegs i masterstudiet i rettsvitskap denne hausten.
Seksjonen har ansvaret for koordinering av arbeidet med antikvitvasking- og terrorfinansiering i Finanstilsynet, under dette regelverksutvikling og deltaking i nasjonale og internasjonale forum. Seksjonen gjennomfører også stadlege og dokumentbaserte kvitvaskingstilsyn i rapporteringspliktige føretak, både åleine og saman med andre seksjonar i Finanstilsynet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil bestå av saksbehandling innan finansområdet. I hovudsak vil oppgåvene omfatte saker knytte til behandling av og svar på meldingar etter finansføretakslova om grensekryssande verksemd innanfor EØS-området. Arbeidet inneber kontakt med finansføretaka og andre lands tilsynsmyndigheiter i samband med oppfølging av meldingane. Arbeidet gir god innsikt i både norsk rett og EØS/EU-retten på området. Avhengig av kompetanse og interesse kan det også bli aktuelt med andre arbeidsoppgåver knytte til antikvitvaskingsarbeidet.
Det vesentlegaste arbeidet blir føresett å skje innanfor normal kontortid, men kan tilpassast forelesingar, anna undervisning og eksamensførebuingar.
Kvalifikasjonar
- det er ønskeleg med ein student med gode karakterar, som er omtrent halvvegs i masterstudiet i rettsvitskap og som kan tiltre snarast
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- vitnemål/karakterutskrifter (f.o.m. vidaregåande) og relevante attestar må leggast ved
Personlege eigenskapar
- positiv og god til å samarbeide
- effektiv og nøyaktig
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- moglegheiter til å bruke kunnskap frå skolebenken i praksis
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- kontor i Kvadraturen midt i Oslo
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- lønn per dags dato er kr 219,33 per time
Anna
- Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25.
- Vitnemål og karakterar frå vidaregåande skole og all høgare utdanning må leggjast ved søknaden.
- Søknad kan skrivast på nynorsk eller bokmål.
- Vi utfører bakgrunnssjekk av vedkommande som blir tilsett i stillinga.
- Dei tilsette i Finanstilsynet må følgje strenge etiske retningslinjer, sjå: https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
- Finanstilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling sjå: http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
- For nærare omtale av Finanstilsynet, sjå www.finanstilsynet.no
Om arbeidsgiveren
Finanstilsynet arbeider for at finansinsføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 300 tilsette og held til i moderne lokale i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tar omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Revierstredet 3, 0151 Oslo
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jusstudent, Antihvitvasking, Studentstilling, Deltid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368417234
- Sist endret