Bildegalleri
Vil du bli ein del av Team Skauogard?
Beskrivelse av varen
Team Skauogard ser etter forryttar og/eller hestepassar.
Forryttar: Du betalar for å ha hesten, 150 kr gongen. Du kan da bruke hesten som din eigen den dagen du har ho og velje aktivitet sjølv. Mogleg å reise på kurs og timar. Transport og kostnadar må ein da stå for sjølv. Utanom trening av hest, må ein gjere stallarbeid inne.
Hestepassar: Dette er gratis, men ein må da rekne med at det ikkje vert riding kvar gong, men også andre treningstypar. Alt av stallarbeid for begge hestane må gjerast, både inne og ute.
Om deg
* Du er helst over 18 år, men eg kan vurdere 16+.
* Du har erfaring med hest. Du treng ikkje å ha erfaring med unghest, men du bør kunne ein del om hest frå før. Du må kunne ri i alle gangartar og kunne handtere hest frå bakken.
* Du likar å ri på tur, både i skritt og i fart.
* Du er snill og rettferdig, men bestemt.
* Du stiller opp som avtalt og gjev beskjed snarast når du ikkje kan.
* Du har tid måndag, tysdag eller onsdag.
Hestane
Moen Silja, 8 år, fjordinghoppe, ca. 146 cm
Silja er ein morosam og ærleg hest. Fin du dei rette knappane er ho ein draum å ha med å gjere. Ho treng ein bestemt, men venleg forryttar eller hestepassar. Ho går LC dressur og hoppar enkle baner med låge hinder. Ho elskar å jobbe når ho får, masse ros. Silja er uredd og trygg ute på tur og går fint både aleine og saman med andre. Ho har starta ein del distanse, så ho klarer å gå ein del km på tur. Ho er ca. 146 cm høg. Silja har akkurat blitt friskmeldt etter skade, men kan no bli brukt som normalt.
Fenris Timantti, 1,5 år, fjordingvallakk
Fenris ser berre etter hestepassar pga hans unge alder. Han er ein storsjarmør som kjem deg i møte når du skal hente han. Fenris elskar kos og merksamd, men har sjølvsagt mykje igjen å lære.
Om stallen
Hestane står heime på garden på Skauge/Myking i Alver kommune. Det er busstopp (Skauge sør) rett ved stallen, men bussen går ikkje veldig ofte. Det er best å køyre sjølv. Gode turmogleheiter. Me leier iblant ridebane 1/2 skrittetur unna etter at me har avtalt med baneeigaren. Om ein kan køyre hengar (B96 eller BE), er det mogleg å låne hengaren for å køyre til banen i Hordvik.
Søkjeord: fôrrytter, fôrhest
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.2.2025 kl. 07:31 ・ FINN-kode: 368813631