Sykepleiar Sivdamheimen kortids- og rehabiliteringsavdelingen
Time kommune
- Frist 22.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar Sivdamheimen korttids- og rehabiliteringsavdelinga
Spennande fast 80 % stilling som sjukepleiar ved Korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen. Stillinga er todelt med arbeid kvar tredje helg.
Sivdamheimen har to avdelingar. I første etasje er det demensavdeling med 21 plasser. I andre etasje ligg korttids- og rehabiliteringsavdelinga og har pr i dag 20 plasser. Planen er at me i løpet av året skal utvida avdelinga med 4 rom og difor treng me fleire tilsette. Me har lindrande senger ved avdelinga og dyktige dedikerte medarbeidarar. Det er stor variasjon i pasientgruppa. Me mottek pasientar direkte frå sjukehuset for kartlegging og rehabilitering. Nokre kjem også direkte frå heimen. Det er høgt fagleg fokus og godt tverrfagleg samarbeid. Det er eigen tilsynslege ved avdelinga, samt dyktige og erfarne fysioterapeutar og ergoterapeutar som me samarbeider med dagleg. Me har også tett samarbeid med klinisk ernæringsfysiolog. Avdelinga har ein fagansvarleg sjukepleiar.
Avdelinga ligg sentralt til på Bryne med gåavstand til/fra togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
Pasientansvarleg sjukepleiarTverrfagleg planlegging av pasientforløp
Samhandling med spesialisthelsetenesta
Samarbeid med andre tenester innan kommunehelsetenesta
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kommunikasjon med - og oppfølging av pårørande
Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent sjukepleiarDet er ønskeleg at søker har relevant vidareutdanning, for eksempel innan gerontologi, akuttmedisinsk sjukepleie eller kronisk alvorleg sjuke/primærhelsetenesta.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid.
Den som vert tilsett må beherska norsk skriftleg og munnleg. For søkarar med anna morsmål enn norsk må språknivå på minimum B2 dokumenterast.
Den som vert tilsett må kunna nytta IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
Du må kunna kommunisera godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Du må vera løysingsorientert og kunna handtera raske endringar i ei hektisk avdeling
Du må vera oppteken av å skapa gode og heilheitlege pasientforløp
Du må vera ein god bidragsytar til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og fagleg dyktige kollegaer
Opplæring og fokus på fagutvikling
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Gode stipendordningar om du tenker på vidareutdanning
Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening
Under i linken kan du se filmen fra vår virksomhet:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 13, 4340 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sjukepleiar, Sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368859372
- Sist endret