Mekaniker eller tekniker
Frydenbø Bil ASV AS
- Frist 30.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Mekanikar eller teknikar på jakt etter nye utfordringar? Frydenbø Bil Sogndal høyrer gjerne frå deg!
Frydenbø Bil har nyleg flytta inn i eit nytt og topp moderne bygg i Sogn Næringspark. No ønskjer vi å styrke bemanninga med fleire medarbeidarar for å kunne handtere ei stadig aukande arbeidsmengde.
Derfor treng vi entusiastiske og bilinteresserte mekanikarar og teknikarar til anlegget vårt i Sogndal. Frydenbø Bil i Sogndal er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og Skoda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.
Vi tilbyr eit arbeidsmiljø med toppmoderne utstyr og alle fasilitetar ein kan forvente av ein framtidsretta arbeidsplass. Ikkje minst får du jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, og som tilsett hos Frydenbø Bil får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.
Arbeidsoppgåver:
- Service og vedlikehald
- Diagnose og feilsøking
- Reparasjonar og mekanisk arbeid
- PKK
- Montering av ekstrautstyr
Vi ser etter ein person som:
- Fortrinnsvis har relevant fagbrev
- Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
- Likar at det skjer mykje, og evnar å jobbe med fleire oppgåver samstundes
- Har fokus på at kundane skal få den beste kundeopplevinga
- Har god kunnskap om bil
- Er omgjengeleg og serviceinnstilt
- Erfaring med digitale arbeidsverktøy
- Evnar å stå på, har gode haldningar og viser høg grad av fleksibilitet
Fordelar ved å jobbe hos oss:
- Få arbeide med nokre av verdas mest kjende merkevarer
- Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø
- Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø
- Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon
- Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
- Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
- Støtte til trening
- Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
- Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca
I Frydenbø Bil Sogndal får du ikkje berre gleda av å jobba i ei framifrå bedrift, men du kan òg oppdage Sogndal sine unike perler – ein praktfull natur beståande av majestetiske fjordar, vatn og fjell. Sogn er eit paradis for naturelskarar og eventyrlystne sjeler. Og med eit godt kulturtilbod og eit sterkt samhald skaper Sogndal eit trygt og fredeleg miljø, ideelt for familieliv. Med det aktive idrettsmiljøet og den umiddelbare tilgangen til imponerande fjell og fjordar ligg alt til rette for ein perfekt balanse mellom arbeid og fritid. Velkommen til Frydenbø Bil og Sogndal!
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Rune Stølen på telefon 99 20 50 97 – rune.stolen@moller.no
Søknadsfrist: 30.09.2024.
Søknader blir fortløpande behandla.
Om arbeidsgiveren
Frydenbø Group er et familieeid konsern med hovedkontor på Damsgård i Bergen. Konsernet er en betydelig aktør innen forretningsområdene; Bil, Industri, Eiendom og Marine. I 2019 ble NXT etablert som den femte enheten. Frydenbø Group har totalt rundt 1000 medarbeidere og omsatte i 2023 for over 4,4 mrd. kr. Frydenbø Groups kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse". Felles strategiske fokusområder: Team, Kundereise og Bærekraft.
Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, Polestar, Audi, Skoda og Volkswagen. I tillegg er vi deleier av bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,4 mrd. i 2023.
I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.
- Sektor: Privat
- Sted: Avsølevegen 15, 6856 Sogndal
- Bransje: Bil- og bildelproduksjon, Bil, kjøretøy og verksted, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Mekanikk og installasjon, Teknisk personell
Nøkkelord
mekaniker, tekniker, bilverksted, Audi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 368915054
- Sist endret