Butikkmedarbeider
Obs BYGG Ulsteinvik
- Frist 15.09.2024
- Ansettelsesform Fast
OBS BYGG ULSTEINVIK
Vi har ledig stilling med ein stillingsgrad på 6,67%, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som ikkje er redd for tunge løft. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, samt i høgsesongar og feriar. Du må helst ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver:
- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam, imøtekommande, høfleg, og trivst med sal og kundebehandling. Du sett kunden først i alt du gjer! Du jobbar effektivt og målretta, du er fleksibel og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Du er lærevillig og er aktiv for å tilegne deg kunnskap. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og bidrar til trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Vi har gode pensjonsordningar og vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til varehussjef.
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 15.09.2024
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Annet
- Stillingsfunksjon: Salg
- FINN-kode 368922552
- Sist endret