Arbeidsleiar Stål-utrustning
Ulstein Verft AS
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsleiar Stål-utrusting
Ulstein har aukande aktivitet, og søker derfor etter ein ny arbeidsleiar. Du vil bli ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra til å skape kreative og gode løysingar for noverande og framtidige prosjekt. Ein vil få hovudansvar for fagområdet Stål-utrusting, men vil ved behov i perioder kunne bidra på andre fagområde på avdelinga.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Er du klar for å løyse framtidas utfordringar for den maritime industrien?
Ulstein Verft har ein velfungerande produksjon med høgt kompetansenivå og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre prosjekt på ein god måte. Som tilsett hos oss vil du få spennande og utfordrande oppgåver. Du vil vere ein del av eit dyktig team, der du vil bli utfordra til å skape kreative og gode løysingar for noverande og framtidige prosjekt.
Arbeidsleiar vil ha eit hovudansvar for fagområdet Stål-utrustning, men vil ved behov i periodar også måtte bidra inn mot andre fagområde på avdelinga.
Arbeidsoppgåvene som Arbeidsleiar vil kunne innebere:
- Planlegging og leiing av arbeid ombord i nybygg og ved reparasjonsoppdrag
- Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
- Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
- Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som industrimekanikar eller sveisar. Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
- God tverrfagleg teknisk forståing
- God teikningsforståing
- Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli tillagt vekt
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Leiarferdigheiter; erfaring med personalansvar vil bli tillagt vekt
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
- Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Resultatorientert og initiativrik
- God HMS-haldning
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Oppstart etter avtale.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har omlag 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore, Verksindustri
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Arbeidsleiar, Stål, Verksindustri, Produksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369019562
- Sist endret