Bedriftssjukepleiar
Bedriftshelse1
- Frist 18.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Bedriftshelse1 søker etter Bedriftssjukepleiar i Nordfjord
Bedriftssjukepleiar
Har du lyst til å vere med på ei spennande utvikling i vår bedrift! Vi søkjer etter ein sjukepleiar, gjerne med nokre års erfaring, og kunnskap og interesse for arbeid med førebygging av helseutfordringar grunna arbeidet/arbeidsmiljøet. Ser du etter jobb med fleksible arbeidsvilkår og likar kundekontakt og varierte utfordringar, send oss ein søknad. Stillinga vil i utgangspunktet vere knytt til kontoret vårt på Nordfjordeid, med midtre og ytre Nordfjord som arbeidsområde.
Dine hovudoppgåver vil vere:
- Helseundersøkingar og anna helsefagleg bistand utfrå fagbakgrunn/erfaring
- Yrkesvaksinasjonar
- Leiarstøtte, kollegastøtte, sjukefråversarbeid og utviklingsarbeid
- Kartlegging av arbeidsmiljø i bedrifter/arbeidsmiljøundersøkingar
- Undervise på førstehjelpskurs og anna opplæring på individ- og gruppenivå
- Delta i fagteam for bedriftssjukepleiarar
- Oppfølging og kontaktansvar mot kundar
- Individuell tilrettelegging og rådgjeving
- Rådgjeving og bistand innan HMS/internkontroll
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje relasjonar
- Evne til å jobbe i team, vere engasjert, uredd og initiativrik
- Fleksibel og sjølvstendig
- Gjerne erfaring med rusførebyggande arbeid
- Gjerne erfaring frå bedriftshelseteneste eller anna relevant bakgrunn
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, van med å bruke dataverktøy
Vi tilbyr ei spennande stilling med gode kollegaer, konkurransedyktig løn, fast arbeidstid, helgefri og gode personalordningar, der du kan vere med å påverke jobbkvardagen. Vi har gode ordningar for kompetansepåfyll og personleg utvikling.
Vi har eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Referansar og personlege eigenskapar vert vektlagt. Jobben vil medføre ein del reising, så du må ha førarkort for personbil.
For spørsmål, kontakt regionleiar Tore Bøe, tlf.: 91165703
Sjå også vår heimeside www.bedriftshelse1.no
Søknad med cv og referansar sendast til: tore.boe@bedriftshelse1.no
Søknadsfrist: 18. september 2024.
Om arbeidsgiveren
Bedriftshelse1 er ei offentleg godkjend bedriftshelseteneste som leverer førebyggande tenester innan helse, miljø og sikkerheit. Vi er eit tverrfagleg team på 53 medarbeidarar, med brei erfaring og eit godt renommé. Vi har god bransjekunnskap og legg vekt på fagleg oppdatering og utvikling. Med 11 bemanna kontor er Bedriftshelse1 den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet. Du finn meir informasjon på www.bedriftshelse1.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Eidsgata 9, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bedriftssjukepleiar, helseundersøkingar, hms, bedriftshelseteneste, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369041835
- Sist endret