LIS 2/3-lege indremedisin
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
LIS 2/3-lege indremedisin
Vil du bli med på laget?
I klinikk Volda har vi ein seksjon for medisinske legar. I sekjonen har vi 12 stillingar for overlegar, 10 stillingar for LIS 2/3 og 10 for LIS 1. Seksjonen vår er ein indremedisinsk seksjon for akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Vi er eit fagleg interessant og triveleg kollegium av overlegar og legar i spesialisering.
I Volda er vi oppteken av at du som tilsett blir sett og ivareteken fagleg og sosialt i utdanningsløpet som LIS. Dette for at du skal få eit best mogleg utdanningsløp, men og for at du skal ønske å kome tilbake som spesialist ved Volda sjukehus.
Vi har frå snarast ledig 100% LIS2/3-stilling
Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Delta i seksjonen si daglege drift, inkludert visittar, poliklinikk og vaktarbeid på felles intensivavdeling
- Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
- Gjennomføre diagnostiske og terapeutiske prosedyrar med rettleiing
- Delta i tverrfaglege teammøter og bidra til god pasientbehandling
- Følge opp pasientar i samarbeid med spesialistar og anna helsepersonell
- Delta i undervisning og rettleiing av medisinstudentar og andre kollegar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS1-teneste
- Erfaring frå og interesse for indremedisin og ynskje om å spesialisere seg innan indremedisinske felt
- Gode norsk eller skandinaviske språkkunnskaper
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å sikre kvalitativ pasientbehandling
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Ei genuin interesse for indremedisin og ynskje kontinuerlig fagutvikling
- Opptre påliteleg og ta beslutninger under press, med fagleg støtte i bakhand
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
- Tilrettlagt for fagleg utvikling og spesialisering innan fleire indremedisinske fagområde
- Rettleiing og oppfølging av erfarne spesialistar som vil at du skal lukkast
- Stor grad av tilpasning av arbeidssituasjonen ut frå dine behov
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Indremedisin
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369185402
- Sist endret