Rådgjevar eller Seniorrådgjevar
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 18.9.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat samfunnsøkonom
Om stillinga
Som rådgjevar samfunnsøkonom blir du ein del av laget som bidreg inn i styringa av nasjonale fellesløysingar som ID-porten, Maskinporten, Digital postkasse og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Saman med dyktige og engasjerte kollegaer skal du arbeide med å sikre at avdelinga har eit godt avgjerslegrunnlag for å kunne velgje dei rette utviklings- og digitaliseringstiltaka. Vi søkjer deg som vil vere med å vidareutvikle arbeidsformene våre slik at vi kan møte framtidas krav til nyttestyring på ein god måte.
Hos oss får du rundt 380 engasjerte kollegaer med på laget. Vi har kontor i Leikanger, Brønnøysund og Oslo. I Digdir tilbyr vi ein kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Vi har gode og fleksible ordningar for bruk av heimekontor og legg godt til rette for ein balansert kvardag for våre medarbeidarar.
Stillinga er eit års vikariat fortrinnsvis med arbeidsstad ved vårt kontor på Leikanger
Dine oppgåver er
- å utvikle og vedlikehalde rammeverk for berekning av gevinstar av fellesløysingane, av dette innhente og kvalitetssikre data frå ulike kjelder
- å utarbeide analyser av nytteverknadar av fellesløysingane til bruk i avgjerslegrunnlag
- å bistå med formidling av talgrunnlag og analyser
- å utarbeide brukarundersøkingar
- å rådgje avdelingsleiinga og budsjett- og prosjektansvarlege
Vi tilbyr deg
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar med konkurransedyktige lønsvilkår innan Digdir sin lønspolitikk
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?
Vi søkjer deg som
- er samfunnsøkonom med blikk for gevinstar og som brenn for digitalisering
- ser samanhengar i store datamengder og finn svar på tvers av ulike kjelder
- trivest med analyse og modellering for å finne ut korleis verkelegheita vil sjå ut dersom føresetnadane blir endra
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
Vi legg vekt på at den som blir tilsett er personleg egna for stillinga.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jon Håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: +47 477 06 922
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
rådgjevar, samfunnsøkonom, analyse, kundeportofølje, Økonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369229114
- Sist endret