Rådgiver / Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 18.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Økonomirådgjevar
Som økonomirådgjevar blir du ein del av laget som bidreg i økonomistyringa av store nasjonale fellesløysingar som ID-porten og Digital postkasse. Saman med dyktige og engasjerte kollegaer skal du arbeide med budsjettering, rekneskap, fakturering og fakturabehandling. Vi søkjer deg som kan vere med å vidareutvikle arbeidsformene våre slik at vi kan møte framtidas krav til økonomistyring på ein god måte. Vidare ynskjer vi at du koordinerer oppfølging av avtalar med eksterne leverandørar.
Hos Digdir blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med stort spenn i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til personleg utvikling. Vi legg vekt på det tverrfaglege og samarbeid på tvers av fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med produktutviklarane for å sikre god oppfølging av Digdir sine meir enn 1000 kundar.
Hos oss får du rundt 380 engasjerte kollegaer med på laget. Vi har kontor i Leikanger, Brønnøysund og Oslo. I Digdir tilbyr vi ein kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Vi har gode og fleksible ordningar for bruk av heimekontor og legg godt til rette for ein balansert kvardag for våre medarbeidarar.
Stillinga er fast fortrinnsvis med arbeidsstad ved vårt kontor på Leikanger. Søkarar som ønskjer arbeidsstad i Oslo eller Brønnøysund blir også vurdert.
Dine oppgåver er
- å utføre, følgje opp og sikre korrekt fakturering av kundane sin bruk av Digdir sine fellesløysingar (ID-porten, Digital postkasse til innbyggar og eSignering)
- å sikre korrekt rekneskap
- å ta del i økonomirapportering internt og å utarbeide grunnlag for rapportar til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
- å rådgje avdelingsleiinga og budsjett- og prosjektansvarlege på økonomiområdet
- å ha ei viktig rolle i dei ulike budsjettprosessane i Digdir
- å ha utviklingsoppgåver på økonomiområdet
- å koordinere oppfølging av avtalar med eksterne leverandørar
Vi søkjer deg som
- har økonomifagleg utdanning
- har erfaring frå økonomiarbeid i statlege verksemder
- har erfaring med eller er interessert i offentlege anskaffingar/avtaleoppfølging
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
Vi legg vekt på at den som blir tilsett er personleg egna for stillinga.
Vi tilbyr deg
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar med konkurransedyktige lønsvilkår innan Digdir sin lønspolitikk
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no/)som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i arbeidstida i veka
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jon håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: +47 477 06 922
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
økonomirådgiver, rekneskap, fakturering, fakturabehandling, avtaleoppfølging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369231161
- Sist endret