Konsulent - 100% fast
Alver kommune
- Frist 22.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på Alver-laget?
Om stillinga og avdelinga
Ein av våre dyktige konsulentar sluttar, og vi lyser ut ein 100 % fast stilling som konsulent på Stab Samfunnsutvikling. Vi søkjer ein utadvendt person som trives med kundekontakt og saksbehandling og ser fram til å høyre kva du kan bidra med på laget vårt!
Staben på Samfunnsutvikling består av 6 tilsette inkludert avdelingsleiar og er organisert direkte under kommunalsjef. Stab leverer/utfører tenester for sektoren på merkantile, administrative og økonomiske felt og har mykje kontakt med innbyggjarar og bedrifter i kommunen vår, samt dei andre avdelingane i sektoren. Stab har ansvar for kommunale gebyr, saksbehandlingsgebyr , fakturabehandling, saksbehandling av VA saker, innsynssaker, forsikring av kommunen sine bygg og anlegg, sekretærfunksjonar, kvalitetsrutiner.
Arbeidsoppgåver
- Kommunale eigedomsgebyr: vatn, avlaup, tilsynsgebyr og feiegebyr
- Arbeid i Komtek gebyr program: registrering,vedlikehald, filkjøring og rapportar
- Saksbehandling av tilknytingssaker til offentleg vatn og avløp
- Administrasjon av vassmålarar
- Fakturabehandling og e-ordrar
- Kontakt med innbyggjarar og bedrifter på telefon og e-post
- Samarbeid med andre avdelingar
- Delta i andre ordinære stabs oppgåver
Kompetansekrav
- Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev kontor/administrasjon eller høgskule innan økonomi/administrasjon/saksbehandling, men relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanningsnivå
- Kjennskap til kommunal saksbehandling er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter, -ein fordel med kjennskap til Komtek forvaltning og gebyrprogram, Elements saks og arkivsystem og Visma fakturaprogram
Erfaring
- Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev kontor/administrasjon eller høgskule innan økonomi/administrasjon/saksbehandling , men relevant erfaring kan vege opp for manglende utdanningsnivå.
- Kjennskap til kommunal saksbehandling er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter, -ein fordel med kjennskap til Komtek forvaltning, Elements saks og arkivsystem og Visma fakturabehandling eller tilsvarande
- Erfaring med kundekontakt og vegleiing er ei forutsetning
- Erfaring med informasjonsarbeid, arbeid med nettsider er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Positiv og kundevennleg, er ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Gode samarbeidsevner og løysingsorientert innstilling
- Er ein god lagspelar for kollegaer og leiarar
- Engasjement og kompetanse på kvalitet og forbetring
- Jobbar sjølvstendig, er nøyaktig og er faktasøkjande
- Trives med ulike utfordringar og i periodar hektiske dagar
- Vere fleksibel i forhold til endring av oppgåver etter gjeldande pioriteringar til ei kvar tid
Vi tilbyr
- Ei spennende stilling i eit utviklande og dynamisk arbeidsmiljø
- Mulighet til å påvirke viktige beslutningar og bidra til bærekraftig utvikling
- Gode moglegheiter for personlig og faglig utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Løn etter avtale og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Om arbeidsgiveren
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 41 A, 5918 Frekhaug
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon, Kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369338248
- Sist endret