Personell- og beredskapsmedarbeidar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 22.9.2024
- Ansettelsesform Fast
Personell- og beredskapsmedarbeidar
Sivilforsvaret har ledig stilling som personell- og beredskapsmedarbeidar ved Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskapsarbeid. Du må ha erfaring med sakshandsaming og gjerne offentleg forvaltning, samstundes som du kan bidra i det operative og praktiske arbeider med å vidareutvikla Sivilforsvaret si evne til beskyttelse av sivilbefolkninga i heile krisespekteret.
Dine hovudarbeidsoppgåver blir å forvalte vårt tenestepliktige personell. Personellforvaltning i Sivilforsvaret inneber ansvar for rekruttering, innkalling, oppfølging, utlønning og sakshandsaming. Du er ein strukturert, fleksibel og initiativrik person med gode kommunikasjonsevner.
Du skal:
- sakshandsame og fatte vedtak ved distriktet sin forvaltning av tenestepliktige mannskap
- initiere, planleggja og delta på rekrutteringsmøter, samt oppfølging av mannskapa sine kurs- og kompetansebehov ved Sivilforsvarets Kompetansesenter (SFK)
- vera distriktet sin IKT-kontaktperson opp mot IKT avdelinga sentralt i DSB
- delta i planlegging og gjennomføring av operasjonar, samvirkeaktiviteter og øvingar
- inngå i distriktet si vaktordning
- inngå i distriktet sin stab ved større beredskapshendingar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant fagbrev eller utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensera for kravet til utdanning. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
- erfaring med sakshandsaming
- god munnleg og skrifteleg formidlingsevne på nynorsk
- god digital kompetanse
- førarkort kl. B
- følgande personlege eigenskapar
- gjennomføringsevne
- fleksibel
- strukturert
- lagspelar
- initiativrik
Vi ønskjer at du har:
- erfaring frå offentleg forvaltning
- erfaring frå personalforvaltning
- erfaring med opplæring og rettleiing
- erfaring frå beredskapsarbeid
Vilkår
Fast stilling som Sivilforsvarsadjutant (stillingskode 0331) med årslønn frå kr kr 565 900,- til 604 900,- (lønnstrinn 58 - 62). I tillegg tilkjem kompensasjon for vakt, øving og overtid
For å kunne bidra i Sivilforsvaret sine oppgåver, er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta i øvingar og innsatsar.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.
Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt har 357 tenestepliktige mannskap og 6 årsverk for fast tilsette. Vi er operativt og administrativt ansvarlege for Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane. Våre tenestepliktige er fordelt på 13 innsatsavdelingar og 6 Radiac-lag som har ansvar for deteksjon av radiologisk forureining. Avdelingane er plassert over heile distriktet frå Aurland i sør til Stad i nord.
Oppmøte- og arbeidsstad er ved distriktskontoret som ligg på Granden i Sogndal.
Som sivilforsvarsadjutant inngår du som ein del av den operative distriktstaben. Stillinga inneber mykje kontakt opp mot dei tenestepliktige mannskapa der gode kommunikasjonsevner og den menneskelege forståinga er viktig. Du må også kunne bidra på tvers av dei ulike fagområda, vera fleksibel og sjølvstendig.
Noko reiseverksemd må påreknast i periodar. Ved beredskapshendingar og ved gjennomføring av rekrutteringsmøter, øvingar og andre reiser, må utvida arbeidstid påreknast. Du vil også inngå som ein del av beredskapsvaktordninga ved distriktet, og i distriktet sin stab ved større beredskapshendingar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
distriktssjef Stein Morten Rønningen: e-post stein.ronningen@dsb.no, telefon 57 62 88 61
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no. og ein oppdatert oversikt over ledige stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Om arbeidsgiveren
For meir informasjon om DSB, se www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over ledige stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Granden 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Saksbehandler
Nøkkelord
saksbehandling, forvaltning, samvirke, beredskap, opplæring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369466743
- Sist endret