Vernepleiar ved Halhjem barneskule/SFO
Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule
- Frist 20.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Halhjem barneskule har ledig fast stilling i 89 % som vernepleiar i skule og SFO.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Arbeidsstad
Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og rett ved 600-busslinja til Bergen. Skulen har 104 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar skuleåret 2024/25. Skulen ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark etc. Vi ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag og SFO året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus. I tillegg til satsingsområde knytt FAL, fysisk aktiv læring. SFO har sjølvsagt utgangspunkt og forankring i den nye rammeplan for SFO.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen. Oppfølging av elev/elevar i gruppe, klasse og SFO.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon innan vernepleiar. Søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest og vitnemål.
Eigenskapar
Vi søker etter medarbeidar som:
- er løysingsorientert, omsorgsfull, inkluderande, fleksibel og raus.
- evnar å imøtekomme/støtte barn med komplekse utfordringar
- er sjølvstendig og er strukturert
- har gode evner til samarbeid, kommunikasjon og å skape gode relasjonar til barn og vaksne
- er ein tydeleg og engasjert rollemodell
- kan vere med på symjeundervisning
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP offentlege tenestepensjon: www.KLP.no
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Halhjemsmarka 50, 5208 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger
Nøkkelord
Vernepleier, Vernepleiar, SFO, Barneskole, Barneskule
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369470209
- Sist endret