Prosess- og systemrådgiver rekneskap
Helse Vest IKT
- Frist 30.09.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye rekneskapsekspert?
Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderer alt frå store, komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.
Seksjon LIBRA forvalting har ansvar for forvalting innan forretningsområda budsjett, rekneskap, bestilling og varelogistikk med systemet SAP S4/HANA, samt forvalting av tilhøyrande arbeidsprosessar og masterdata. Vi er bindeleddet mellom leverandør, som forvaltar koden og driftar systemet, og dei som skal bruke det.
Seksjonen har oppretta mange ulike roller for å ivareta forvalting og vidareutvikling av vår SAP-installasjon, og i samband med ei aukande oppdragsmengd frå helseføretaka, søker vi no etter ein prosess- og systemrådgjevar rekneskap som kan hjelpe oss å imøtekomme dette. Vi er ein seksjon med 36 medarbeidarar, og vi har folk både i Stavanger, Haugesund og Bergen. Vi er spreidde i alder frå 26 til 62 år, noko som gjer at vi har fleire nivå av erfaring, bredde og fagleg tyngde. Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande, og du vil vere med på å hjelpe sluttbrukarar dersom problem oppstår. Vi samarbeider på tvers, både internt i seksjonen og med andre seksjonar, og det er alltid mogleg å lære meir. Vi har stor takhøgd og det er lav terskel for å få bistand om du står fast i ei oppgåve. Vår ambisjon er at det tar kort tid frå ide til forbetring skjer!
Høyrest det givande ut å jobbe i ei verksemd med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg!
Arbeidsstad er Stavanger eller Bergen. Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søker.
Arbeidsoppgåver
- Problemløysing, sakshandsaming og forbetringsarbeid i grenselandet mellom system og rekneskap.
- Produktområdet vil primært vere rekneskap, men det er behov for å kunne sjå grensegangar mot logistikk og styringsdata.
- Hjelpe ulike produktteam med analyser og datauttrekk.
- Deltaking i produktteam for å forbetre våre eksisterande løysingar gjennom innovasjon og forenkling.
- Kontakt med brukare og systemleverandør.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring med/kunnskap om Excel, PowerBI og SQL er naudsynt.
- God kjennskap til SAP eller liknande ERP-system er ein fordel.
- Evne til å sjå samanhengar, men også interesse og evne til å dykke ned i detaljar, gjerne på database, tabell- og feltnivå.
- God evne til å sette seg inn i dei ulike partane sine behov og arbeidsprosessar.
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
- Du evnar å jobbe godt sjølvstendig, og må kunne bidra i team ved behov.
- Du finn fleksible løysingar på krevjande problem.
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet.
- Du kan jobbe analytisk og systematisk med store datafiler.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du er serviceinnstilt.
Vi tilbyr
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, fagdagar og kurs.
- Engasjerte og kunnskapsrike kollegaer.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på det nye hovudkontoret vårt på Kronstad X i Bergen, og i moderne lokale i Stavanger. Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
regnskap, excel, powerbi, SAP, sql
Annonseinformasjon
- FINN-kode 369471220
- Sist endret